Helge Torvund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helge Torvund
Helge Torvund.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 20. august 1951 (66 år)
Yrke Forfattar, psykolog
Periode 1977-
Debut Hendene i byen

Helge Torvund (fødd 20. august 1951)[1] er ein norsk forfattar og psykolog. Han er ein jærbu som bur på Ogna i Hå kommune i Rogaland. Han er bror til biletkunstnaren Gunnar Torvund (f. 1948).

Virke[endre | endre wikiteksten]

Torvund har arbeidd som kunstkritikar i Stavanger Aftenblad, og var fast lyrikkmeldar i Dagbladet frå 2001 til 2008. Han har også drive mykje med skriverkstad i skulen etter Kenneth Koch sin metode, og er diktlærar for nettsida Diktkammeret drive av som Dagbladet.no. Helge Torvund har og gjendikta den amerikanske lyrikaren Robert Bly til norsk.

Tekst med bilete[endre | endre wikiteksten]

Torvund har arbeidd saman med mange andre biletkunstnarar og fotografar i avis, bokverk og utstillingar. Blant desse er fotograf Morten Brun, som hadde ei fast spalte med foto og dikt saman med Torvund i Dag og Tid i fem år. Torvund har laga fleire bokverk saman med Knut Bry og ei praktbok saman med Ingvar Moi (Ventar i vinden). Han har hatt ei stor utstilling saman med broren Gunnar Torvund (2rvund) med skulptur og dikt og diktskulpturar. Kjell Nupen gjennomillustrerte gjendiktingane av nordamerikanske indianarsongar som kom ut på Bokklubbens Lyrikkvenner i 1986. Dikta i Blått sug er sett saman med og står til måleri av Lars Hertervig. To av barnebøkene til Torvund er illustrerte av Knut Jørgensen, og Brødfanten har han illustrert sjølv. Våren 2007 kom den kritikarroste diktsamlinga Alt er høy som vart rekna som ei fornying og ei utviding av forfattarskapen.[2]

Songtekstar[endre | endre wikiteksten]

I 2010 skreiv Torvund teksten til «Nede for telling» som Bjørn Eidsvåg gav ut som singel frå albumet Rundt neste sving. Albumet, som var produsert av Thomas Dybdahl, vart årest mestseljande album i Noreg og låg som nummer 1 på VG-lista. «Nede for telling» vart mykje spela på radio. I 2015 skreiv Torvund to av songtekstane til albumet Populas som visegruppa Vamp gav ut. Låtane var balladen «Øyentrøst» og bluesen «Du».[3]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Hendene i byen 1977
  • Til dine auge 1978
  • Taxameter og puls 1979
  • Mennesketimar 1980
  • Mennesketing 1981
  • Menneskerom 1982
  • Lyssmeden 1983
  • Han skil dagen 1984
  • På terskelen til morgonhuset 1986
  • Multippel og Dama med himmelhatten 1986
  • Multippel møter Morfus med sølvfløyta 1987
  • Arm i arm med natta 1987
  • I vatn, i lys 1988
  • Brødfanten og andre skabelonar 1988
  • Den monotone triumf 1989
  • Til fots i mitt namn 1990
  • Avstanden er eit vipeskrik 1992
  • Salt 1994
  • Håplaust forelska i sitt eige skjelett 1995
  • Umerkeleg, merkeleg 1996
  • Bare eitt spørsmål til (Samlaget) 1997
  • Hjorten kjem når eg syng. Rituelle songar frå nordamerikanske indianarar 1986
  • Inntil vidare ventar me her (Samlaget) 1998
  • Robert Bly: Morgondikt. (Samlaget) 1999
  • Gå heim og kyss din kvardag 1999
  • Kitty K. (Samlaget) 2000
  • Diktkammeret (Samlaget) 2002
  • Blått sug 2002
  • Trur du på lyng? (Samlaget) 2003
  • Nattlys (Samlaget) 2004
  • Opp i dagen (Samlaget) 2005
  • Alt er høy (Samlaget) 2007
  • Jæren. Himmel og hav (Natur- og kulturforlaget) 2007
  • Sjelsord. Om terapi, poesi og hypnose (Samlaget) 2008
  • Fantasiblikket (Wigestrand) 2008
  • Alabama? (Aschehoug) 2011
  • Vivaldi (Magikon) 2011
  • Å våga seg ut i ord : Diktkammeret 10 år (Samlaget) 2011
  • The sudden cats (Magikon) 2013
  • Skal me leggja ein vedstabel saman. Mine beste kjærleiksdikt (Kvalshaug forlag) 2014

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Helge Torvund (20.08.1951)». forfatterkatalogen.no (Norsk forfattersentrum). Vitja 25. mars 2013.
  2. samlaget.no
  3. «Populas»2015, vamp.no, http://www.vamp.no/utgivelsene/?id=33, henta 21. oktober 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Helge Torvund