Tor Jonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit skulehefte som Tor Jonsson har arbeidd

Tor Jonsson (14. mai 191614. januar 1951) var ein norsk forfattar og journalist frå Lom kommune i Gudbrandsdalen. Han er særleg kjend som lyrikar og essayist. Artiklane hans er prega av eit kritisk syn på sosiale og kulturelle tilhøve i bondesamfunnet; lyrikken lever i spenninga mellom livslyst og dødslengt. Både prosa og poesi er merka av røynsler frå hans eige liv.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Barneår[endre | endre wikiteksten]

Plassen Prestekroken i Lom, barndomsheimen til Tor Jonsson

Tor Jonsson var son av husmannsfolk. Foreldra var Torø Torsdotter og Johannes Johnsen.[1] Då dei gifta seg i 1912, hadde dei forpakta husmannsplassen Kroken som låg under prestegarden i Lom: Dei dreiv bruket mønstergyldig og dyrka opp nytt land. Dei hadde håp om eingong å få kjøpe «Prestkroken».[2] Likevel måtte dei gå frå plassen i 1924, fordi son til han som hadde kontrakt på plassbruket kom heim frå Amerika og gjorde krav på retten. Johannes Johnsen hadde gått rettens veg for å halde på plassen, men han hadde ikkje rettsgyldige papir på bruket.[3]

Etter dette fekkdei hjelp av skyldfolk til å setje opp ei stugu, men nokon jordveg fekk dei ikkje. Tor Jonsson kalla stua for «Stuslegstugu». Då Tor berre var 13 år gammal,[4] døydde far hans på arbeid. Tor oppfatta det slik at foreldra var ramma av ein stor urett, og bar nag mot heimbygda for lagnaden dei leid under.

Likevel merkte guten seg ut under oppveksten. Han var kanskje mykje av ein einstøing, men flink på skulen. Då han gjekk ut av framhaldsskulen, vart han heidra med å få Olav Aukrust sine skrifter i gåve.[5] Johan Bojer tilbod å betala for vidare utdanning, men Jonsson takka nei.[4]

Jonsson har lyfta seg opp over beiske hatet, og vunne fram til ei lysande tru på mennesket. Og denne trua er ikkje lettkjøpt. Alt er opplevd, – difor har det gått eld i linene.

Tormod Skagestad om Jonssons dikting; på vaskesetelen til «Nesler», Norges boklag 1950.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tor Jonsson byrja arbeide på gardar og gartneri i heimbygda. Seinare, frå 1939 til 1940, var han elev ved Oppland småbruks- og hagebruksskule på Lena.[4] Han kjende seg bunden til heimen av omsynet til mora, som var mykje sjuk, og den eine systera, som også hadde vanskar. Den intellektuelle og rettferdssøkande ungdomen søkte nærheit og kjærleik, men var ikkje den enklaste å kome innpå. Samtidig var han vennesæl, og hadde mange gode kameratar. Han vart vener for livet med komponisten Sparre Olsen, som gav han råd, oppmuntring, og tru på seg sjølv som lyrikar.

Berre 16 år gammal fekk Jonsson si første forteljing på trykk i Arbeider-Magasinet, forteljinga «Eit illminne».[6] Hausten 1943 kom vart den første diktsamlinga hans utgitt; Mogning i mørkret. Boka fekk lite presseomtale, men det vart seld meir enn 1300 eksemplar.[4] Diktaren gav ut to nye diktsamlingar medan han levde, i 1946 og 1948.

På seinsommaren 1945 vart han journalist i Dølenes BladOtta. Året etter vart han tilsett som redaktør for Hallingdølen og arbeidde der frå 9. mai 1946 til 3. januar 1947. Han fekk reisepass etter ei julepreike han hadde gitt ut under overskrifta «Lyset». Preika handla om gjerningar, pasifistisk fredsvilje og «lyset som strålar mot oss frå det gamle Hellas og Palestina». Frå Ål reiste han heim og ville leve av diktinga si. Våren 1948 fekk han eit stipend på 6000 kr frå Den norske Forleggerforening. Dette vart eit vendepunkt i livet for den unge diktaren. Etter dette fekk mange fleire lesarar augo opp for diktinga hans. Både diktsamlinga Berg ved blått vatn (1946) og Jarnnetter (1948) fekk gode meldingar. Jonsson var no ein etablert diktar og gjekk inn i Den norske Forfatterforening.[4]

I 1950 gav Jonsson ut ei artikkelsamling, Nesler, med avisartiklar og essay som han hadde skrive dei fem føregåande åra. Dette året vann han også førstepremien i ein amatørkonkurranse utlyst av Kyrkje- og undervisningsdepartementet med einaktaren Siste stikk. Men året var også prega av tap og livsendringar. Mor til Tor Jonsson døydde i 1950, og han flytta til Oslo. Der forelska han seg i journalisten Ruth Alvesen, eit forhold som enda ulykkeleg.

Slutten[endre | endre wikiteksten]

I januar 1951 tok Tor Jonsson sitt eige liv. Halldis Moren Vesaas har skildra korleis ho opplevde det. Jonsson hadde ein avtale med Tarjei Vesaas, om at dei skulle møtast på Bondeheimen i Oslo, men så dukka han ikkje opp. Vesaas visste at Jonsson kunne trekkje seg tilbake til ei hytte der han ofte sat når han ville vera for seg sjølv. Denne venda vart Tarjei Vesaas uroleg, og saman med Jan Magnus Bruheim reiste han ut for å finne Jonsson. Vesaas og Bruheim banka på, men ingen svara. Dei greidde å få opna døra, og fann Tor Jonsson uvitande attmed eit tomt pilleglas. Saman fekk dei han på sjukehuset, og så ringte Tarjei til Halldis: «Vi fann han Tor. Det er - Karin Boye». Boye hadde og teke livet sitt i si tid. Bruheim, Vesaas og Halldis Moren Vesaas vaka over han, men han hadde fått i seg for mykje, og døydde snart etter.

Kort tid før han døydde hadde Jonsson gjeve frå seg manuset for den siste diktsamling si til forlaget. Ei dagbok for mitt hjarte kom ut hausten 1951.[4]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Det gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er ordet.

Frå «Ordet», opningsdikt i Mogning i mørkret Noregs Boklag 1943

Tor Jonssons forfattarskap omfattar alle sjangrar, men det er lyrikken og essaya han er mest anerkjent for. Han vart sterkt prega av oppveksten, noko som pregar mange av dikta hans. Poesien hans vert ofte omtala som brukslyrikk, ettersom dei er fri for abstrakt leik med språkbilete og ikkje prøver ut meir avanserte og abstrakte verkemiddel. Mange av dikta hans dreiar seg om to hovudtema. Det eine handlar om spenninga mellom individet og fellesskapen, det siste representert ved det heimekjende bygdesamfunnet, eit miljø han ofte opplevde som knugande.

Siste diktsamlinga hans var Ei dagbok for mitt hjarte (1951), ei kjenslefylt, gripande vedkjenningsbok, med inderlege uttrykk for kjærleik, livstru og dødslengt.[7] I 1956 vart Dikt i samling gjeve ut. Samlinga hadde eit etterord av Tore Ørjasæter og eit minnedikt av Jan-Magnus Bruheim. Boka vart heidra med Kritikarprisen.

Prosaforfattaren Tor Jonsson gav i 1950 ut artikkelsamlinga Nesler, ei bok som inneheld avisartiklar og essay som han hadde skrive dei fem føregåande åra, mange av dei med livfulle og kritiske skildringar av bondelivet. Etter at Jonsson var død, kom ei ny samling Nesler med liknande innhald. Jonsson er blitt kalla ein arbeidardikting som skildra gardsarbeidarlivet «med bitter ironi».[8] Han kjempa mot undertrykking, urett og ei idyllisering av den norske landsbygda.[4]

Med einaktaren Siste stikk vann Tor Jonsson i 1950 førstepremien i ein amatørkonkurranse utlyst av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Dramaet vart sendt som høyrespel i NRK året etter, i samband med eit større minneprogram om den då nyleg avdøde forfattaren.

Tor Jonsson markerte seg lite i målstriden. Han skreiv tradisjonell nynorsk. Han var varsam med å bruke dialektformer og ord frå bygdemålet; han ville at den språklege lokalkoloritten skulle vike for ord som var brukande over heile landet. Han brukte hokjønnsformer på -a, perfektum på -e og kløyvd infinitiv.

Mange lærarar brukar den metoden i norskundervisninga at borna skal nytte dei formene som ligg nærast dialekten. Dette er i strid med eit nasjonalt målreisingsarbeid, og er kanskje ei av årsakene til at borna går over til bokmålet straks dei er ferdige med skulen. Dei har lært eit lokalfarga nynorsk i staden for eit landsmål.

Frå «Kongstanken i målstriden», avisstykke frå 1945–1947, henta frå Tekster i samling; Noregs Boklag 1973

Songtekstar[endre | endre wikiteksten]

Mange av tekstane hans har inspirert komponistar til å setje tone til dikta, både i samtida hans og under den norske visebølgja på 1970-talet. Blant desse er Sparre Olsen, Ivar Frønes som sette tone til Nærast er du når du er borte og Hans M. Borchgrevink som sette tone til Ordet. I 2000 gav multikunstnaren Andrej Nebb ut CD-en Kvite fuglar, der 14 av Tor Jonsson sine tekstar er sett musikk til.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Vi talar vonbrotkloke ord med ormetunge,,
Slik skapar verda vise menn av alle unge.

Frå «Ungdomsvegen», i Ei dagbok for mitt hjarte; Noregs Boklag 1951

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Mogning i mørkret, 1943
  • Berg ved blått vatn, 1946
  • Jarnnetter, 1948
  • Ei dagbok for mitt hjarte, 1951

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Det er vondt å vera blome,
blant tunge våronnhestar,
men verre vera diktar
blant fattigfolk og prestar.

Frå «Diktarliv», i Jarnnetter Noregs Boklag 1948

No stormar all mi einsemd mot si grense.
Mitt liv var draum forutan dagklår visse
og difor eig eg ikkje jorda meir –
Men livet skal eg aldri, aldri misse–

Frå «Så stig da i meg einsemd» i Ei dagbok for mitt hjarte; Noregs Boklag 1951
  • Nesler (artiklar), 1950
  • Siste stikk (skodespel i ei akt), 1951
  • Nesler. Ny samling (redigert av Rolv Thesen), 1952
  • Til Sparre Olsen på 50-årsdagen, 1953
  • Dikt i samling, 1956
  • Prosa i samling (redigert av Helge Skaranger), 1960
  • Diktning (dikt og prosa), 1963
  • Dikt, 1966
  • Og evig er Ordet (lyrikk i utval ved Reidar Djupedal), 1970
  • Siste stikk, 1973
  • Song om liv og død. Eit Tor Jonsson-program. Og Siste stikk, 1973
  • Tekster i samling 1, 1973
  • Dikt i samling, 1975
  • Eg ror imot straumen (medforf. halldis Moren Vesaas, Ingebjørg Sem, Norsk rikskringkasting), 1975
  • Tekster i samling 2 (redigert av Inger Heiberg), 1975
  • Kvite fuglar (lyrikk i utval ved Otto Hageberg), 1978
  • Dikt i samling, 1987
  • Tor Jonssons beste, 1993
  • Ved grensa (tekster i utval, ill. av Anders Kjær), 1995
  • Dikt i samling, 1999
  • Tor Jonssons beste, 1999
  • Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller (prosa, redigert av Ingar Sletten Kolloen), 2000
  • Berre kjærleik og død. 13 scener. Ingar Sletten Kolloen, 2000
  • Pour me consoler de la mort, j'ai le rêve, Pierre Grouix, 2005
  • Dikt i samling, 2010[9]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lom kyrkjebok 1916
  2. Reidar Djupedal i etterord til Tor Jonsson: «Og evig er ordet». Noregs Boklag 1970.
  3. Astrid Skår i Tor Jonsson - Anders Kjær: Ved grensa. Det Norske Samlaget 1995.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Tor Jonsson i Norsk Biografisk Leksikon på snl.no, skriven av Jan Olav Gatland.
  5. Reidar Djupedal i etterord til Tor Jonsson: «Og evig er ordet» Noregs Boklag 1970.
  6. Trykt i Arbeid-Magasinet 22.10.1932.
  7. [[[Johs. A. Dale]] i Norsk allkunnebok 1956.
  8. Skei, Hans H., Arbeiderdiktning (28. desember 2013). Store norske leksikon. Henta 3. mai 2016.
  9. Etter Tor Jonsson 1916–1951; jubileumsside på nettet
  • Inger Heiberg: Drøm mot virkelighet, 1984

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]