Norges Judoforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges Judoforbund
Typeforening/lag/innretning
Org.nummer971484039
Skipa28. juni 1967
HovudkontorOslo
VerkeområdeNoreg
Nettstadhttps://www.judo.no Sjå dette på Wikidata

Norges Judoforbund (NJF) vart skipa 28. juni 1967 og er eit særforbund for judo under Noregs Idrettsforbund. Forbundet er tilknytt Det europeiske judoforbundet og Det internasjonale judoforbundet. Forbundet har i 2023 om lag 66 klubbar og 4200 utøvarar.[1]

Dei første judoutøvarane i Noreg byrja å trena judo i Oslo i 1951. Her deltok mellom andre Henrik Lundh, som har fått æra for å vera den som først tok sporten til Noreg, og var den første nordmannen med svart belte (1. dan). Denne gruppa skipa den første norske judoklubben, Norsk Judo og Jiu-jitsu Klubb (NJJK), i 1960.[2] Utøvarar frå NJJK og Oslostudentene tok seinare initiativet til å skipa eit norsk judoforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Judoklubber», Judo.no (på norsk bokmål), henta 20. september 2023 
  2. «Henrik Lundh – Judo-database», wiki.judoinfo.no, henta 20. september 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Norges Judoforbund