Norsk Filatelistforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk Filatelistforbund er ein interesseorganisasjon for frimerkesamlarar og filatelistar. Dei fleste frimerkeklubbane i Noreg er knytt til Norsk Filatelistforbund. Totalt har forbunde 3 400 medlemmar fordelt på 110 klubbar. Forbundet vart stifta i Stavanger 13. juni 1931.

Forbundet gjev ut medlemsbladet Norsk Filatelistisk Tidsskrift åtte gonger i året, og dessutan handbøker og annan filatelistisk litteratur. Norsk Filatelistforbund arrangerer òg nasjonale og internasjonale frimerkeutstillingar.

Ungdomsorganisasjonen til forbundet heiter Noregs Frimerkeungdom. Han er organisert som eit eige forbund med separat økonomi og styre.

Forbundspresident sidan 2017 er Frank Gilberg.

Organisasjonen er medlem av Federation of European Philatelic Associations og Fédération Internationale de Philatélie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]