Norsk språktest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norsk språktest blei starta på slutten av 1980-talet og er eit samarbeid mellom Studieforbundet Folkeuniversitetet og Universitetet i Bergen[1]. Fram til 2014 utvikla Norsk språktest tre testar i norsk for vaksne innvandrarar: Norskprøve 2, Norskprøve 3 og Test i norsk - høgare nivå (òg kalla «Bergenstesten»). Norskprøve 2 og Norskprøve 3 blei i 2014 erstatta av norskprøven[2], som blir utvikla av Vox[3]. Norsk språktest utviklar framleis Test i norsk – høgare nivå. Dette er ein test som måler språkferdigheiter på nivåa B2 og C1 slik dei er beskrivne i Det felles europeiske rammeverket for språk. Hovudmålgruppa for testen er innvandrarar som treng å dokumentera språkferdigheiter i norsk på høgare nivå for å søka jobb eller opptak til studium i Noreg.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]