Hopp til innhald

North Shields

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
North Shields
by
Land  England
Region Tyne and Wear
Distrikt North Tyneside
Folketal 6 137
Postnummer NE29, NE30
Retningsnummer 0 191
Kart
North Shields
55°00′35″N 1°26′41″W / 55.0097°N 1.4448°W / 55.0097; -1.4448
Wikimedia Commons: North Shields

North Shields (lokalt ofte berre kalla Shields) er ein by på den nordlege breidda av elva Tyne i distriktet North Tyneside i Tyne and Wear i Nordaust-England. Byen ligg 13 km austom Newcastle upon Tyne. Han grensar til Whitley Bay i nord og landsbyen Tynemouth i aust, medan South Shields ligg på andre sida av elva.

Bynamnet kjem frå det mellomengelske ordet schele, som tyder «mellombels skjul»,[1] eller kanskje helst på norsk «rorbuer», og området er enno identifisert med fiskerirelatert og andre havrelaterte verksemder.

Ferjekaien ved North Shields.
Foto: Roger Cornfoot

North Shields har ferjesamband med South Shields. Byen har også ein internasjonal ferjeterminal med samband til Nederland. Fram til 2006 gjekk det passasjerferjer til Göteborg i Sverige og fram til 2008 ferjer til Stavanger, Haugesund og Bergen herfrå.[2]

  1. Mills, A.D. (1991). Popular Dictionary of English Place-Names, The. Oxford: Parragon. «Shields, 'temporary sheds or huts (used by fisherman)', ME schele: Shields, North Tyne & Wear. Chelis 1268. Shields, South Tyne & Wear. Scheles 1235»
  2. "DFDS scraps Newcastle-Gothenburg line", The Local, 7 September 2006: "Danish shipping company DFDS Seaways is to scrap the only passenger ferry route between Sweden and Britain, with the axing of the Gothenburg-Newcastle route at the end of October." (Oppgjeve av Engelsk Wikipedia); «Update on the England - Norway ferry service - December 2013», stavangertravel.com

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: North Shields