Notepad++

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
C++ kjeldekode, slik han tek seg ut i Notepad++.

Notepad++ er ein gratis teksteditor, lisensiert under GPL, og utvikla som eit alternativ til Windows Notisblokk. SourceForge er vert for prosjektet.

Allmen funksjonalitet[endre | endre wikiteksten]

Programmet byggjer på Scintilla og har funksjonar som autofullføring, syntaksmerking og regulære uttrykk. Filer for grensesnitt og stavekontroll på ulike språk kan lastast ned for seg sjølve, mellom anna nynorske utgåver. Det er støtte for Unicode, redigering av TeX-dokument og binærfiler og ei rad andre format. Brukargrensesnittet nyttar arkfaner. Notepad++ støttar makroar og *nix skalskript, og har ein innebygd FTP-klient, men stør ikkje den sikre SSH-protokollen.

Programutvikling[endre | endre wikiteksten]

Notepad++ stør mellom anna assembler, høgnivåprogrammeringspråka Ada, C, C#, C++, FORTRAN, Java, Lisp, Pascal, Ruby og Visual Basic, skriptspråka AutoIt, ASP, JavaScript, Lua, Matlab, Perl, PHP, Python og VBScript.

Webutvikling[endre | endre wikiteksten]

For nettstadutvikling er det støtte for HTML, CSS, XML og databasespråket SQL (XML og SQL er ikkje avgrensa til nettstader).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]