Lisp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

LISP (forkorting for List Processing) er ein familie av programmeringsspråk. Den første utgåva stammar frå John McCarthys arbeid ved Massachusetts Institute of Technology og vart utvikla i 1958. LISP har mykje til felles med Lambdakalkyle. Historisk sett har LISP stort sett vore brukt innanfor forsking og det akademiske, og då spesielt til forsking på kunstig intelligens, som John McCarthy først og fremst hadde i tankane då han fann det opp.

Det er ei rekkje ulike LISP-dialektar, men «hovedgreinene» er Scheme og Common Lisp. Scheme er ein veldig enkel og «rein» LISP-dialekt, der regelfølgende syntaks med berre det mest naudsynte av datatypar og funksjonar er tilgjengeleg. Dette gjer det ideelt til opplæring i programmering og fundamentale programmeringskonsept. Common Lisp er ein meir kompleks LISP-dialekt, med eit mykje breiare utval av datatypar og funksjonar, og har òg eit objektorienteringssystem, og dessutan eit makrosystem som gjer det mogleg å skriva kode som, ved hjelp av å bruka Lisp sjølv, kan generera anna kode.

Lisp har vist seg å vera eit særs effektivt språk òg til andre ting enn det akademiske og forskningsrelaterte som det ofte vert forbunde med. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]