Noura Mint Seymali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noura Mint Seymali

Fødd20. hundreåret
FødestadNouakchott
OpphavMauritania
Verka somlåtskrivar, skribent

Noura Mint Seymali er ein mauritansk griot, ein songar, låtskrivar og musikar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Noura Mint Seymali er fødd i Nouakchott i Mauritania. Foreldra hennar er Dimi Mint Abba og Seymali Ould Ahmed Vall. Begge foreldra var viktige musikalske figurar i Mauritania. Far hennar, Seymali, er ein maurisk komponist som tilverka musikk til den mauritanske nasjonalsongen.[1][2] Stemora hennar, Dimi, var ein av dei best kjende songarane i landet. Som 13-åring byrja Noura å komponera for mor si, og turnerte med henne som bakgrunnssongar.[3] Gjennom dei musikalske medlemmene i familien fekk ho opplæring i å spela ardin, ei nistrengsharpe reservert for kvinner, og fekk høve til å opptre.[4]

Etter at Noura hadde gifta seg med gitaristen sin Jeiche Ould Chighaly, byrja paret å spela i bryllaup.[5] Dei skipa sitt fyrste band i 2004. Etter lokal utgjeving av to gjekk bandet tilbake til studio for å spela inn det fyrste fulllengdalbumet sitt, Tzenni. Albumet blei gjeve ut i 2014 via Glitterbeat Records. Bandet held fram med å spela på musikkfestivalar rundt om i verda.[4]

Noura er opplært til å spela ardin, det tradisjonelle mauritanske instrumentet for kvinnelege griotar. Ho reknar seg sjølv og musikken som ikkje-politisk.[5] I 2018 var Noura vert for den maliske tuareg-gruppa Tinariwen då det reiste til Mauritania, og ho var med på albumet deira frå 2019, Amadjar.[6]

Noura Mint Seymali har spelt mange stadar rundt om i verda sidan bandet hennar blei oppretta i 2004. Nokre av dei kjende festivalane det har spelt på er globalFEST i USA, Festival au Désert i Mali og Hayy-festivalen i Egypt. Noura Mint Seymali har kombinert ulike sjangrar av maurisk musikk med popmusikk, noko som har gjeve henne ei stor plattform av publikum.[4][5] Bandet hennar inkluderer Jeiche Ould Chighaly på gitar og tidinit, Ousmane Tour på bass, Matthew Tinari på trommer, Ayniyana Chighaly med bakgrunnsvokal og ardin og Mayassa Hemed Vall med bakgrunnsvokal og perkusjon.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tarabe (2006)
  • El Howl (2010)
  • Azawan (2012) (EP)
  • Azawan II (2013) (EP)
  • Tzenni (2014)[4]
  • Arbina (2016)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Ghlana" (Live Version) by - The Wire (på engelsk), henta 16. april 2024 
  2. «Noura Mint Seymali Is the Psych Blues Artist from Mauritania You Need to Know About | NOISEY». Henta 19. april 2016. 
  3. Denselow, Robin (9 June 2011). «Dimi Mint Abba obituary». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 19. april 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Bio». Henta 19. april 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «The Quietus | Features | Escape Velocity | A Spiral Dance: Noura Mint Seymali Interviewed». Henta 19. april 2016. 
  6. Kalia, Ammar (6. september 2019). «Tinariwan: Amadjar review | Ammar Kalia's global album of the month». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 30. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Noura Mint Seymali