Tinariwen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tinariwen

Tinariwen (tamasheq: «aude landskap») er ei musikkgruppe som kjem frå Tessalit i fjellområdet Adrar des Iforas nord-aust i Mali.

Musikken deira, som er blitt kalla «tuaregblues» og «tuaregrock», er ein syntese av blues, rock og tradisjonell tuaregmusikk basert på elektriske gitarar. Dei to leiarane for gruppa er Ibrahim ag Alhahib og Abdallah ag Alhousseyni.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gruppa blei skipa i 1982 og spelte ei viktig rolle under tuaregopprøret i 1990-åra ved å spreie bodskap om håp og motstand til stammefrendane sine. Etter fredsslutninga i 1996 har dei vigd seg til å utbreie tuaregkulturen med songar som handlar om både kjærleiken til ørkenen og lidingane til folket.

Tinariwen hadde spelt inn ei rekkje kassettar som sirkulerte i Sahara, då dei spelte inn sin første CD, The Radio Tisdas Sessions, i 2000, men det var med Ammassakoul i 2004 at dei fekk sitt internasjonale gjennombrot. Etter denne plata turnerte gruppa i Europa og USA og blei sett på som ambassadørar for tuaregane over heile verda. I 2007 gav dei ut sin tredje CD, Aman iman, som blei ein enda større suksess enn dei to første.

Den franske filmskaparen Jérémie Reichenbach har laga ein dokumentarfilm, Teshumara, les guitares de la rébellion touareg / The Guitars of the Touareg Rebellion, der han knyter tilblivinga av gruppa til tuaregfolkets omflakking og eksil som følgje av oppstanden i 1990-åra og den brutale undertrykkinga til den maliske staten på denne tida. Filmen fekk prisen for beste musikkdokumentar frå Société des auteurs, compositeurs et éditeurs de musique, SACEM i 2006.

Tinariwen spelte på Øya-festivalen i Oslo i august 2007.

Gruppemedlemmar (2007)[endre | endre wikiteksten]

  • Ibrahim ag Alhabib («Abaraybone»), (gitar, song)
  • Abdallah ag Alhousseyni, (gitar, song)
  • Alhassane ag Touhami, (gitar, song)
  • Mohammd ag Itlale («Japonais»), (gitar, song)
  • Eyadou ag Leche (bass, kor, perkusjon)
  • Saïd ag Ayad (perkusjon, kor)
  • Elaga ag Hamid (gitar, kor)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2001: The Radio Tisdas Sessions, Wayward, CD468010
  • 2004: Amassakoul, World Village, CD468026
  • 2006: The Soul Rebel of African Desert, CD/DVD (Amassakoul og Jérémie Reichenbachs film, The Guitars of the Touareg Rebellion), Emma Productions
  • 2007: Aman iman
  • 2009: Imidiwan
  • 2011: Tassili

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]