Novelleeventyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesle Åse gåsepike er eit novelleeventyr. Illustrasjon av Otto Sinding.

Novelleeventyr eller romantiske eventyr er ein type eventyr med fleire episodar som liknar undereventyr i oppbyggingar, men har lite eller inkje overnaturleg eller fantastisk innhald.[1] I staden kan dei innehalda mirakuløse samantreff og usannsynlege løysingar.[2] I Aarne-Thompson-systemet har novelleventyra nummer frå 850 til 999.[1]

Nokre norske novelleeventyr er Ikke kjørende og ikke ridende (AT 875), Prinsessen som ingen kunde målbinde (AT 852) og Askeladden som fikk kongsdatteren til å løgste seg (AT 852).[1] Mange eventyr frå 1001 natt er også novelleeventyr.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Novelleeventyr (AT 850 - AT 999)», www.hf.uio.no (Institutt for kulturstudier og orientalske, UiO), henta 11. januar 2019 
  2. 2,0 2,1 «eventyr», Den Store Danske (på dansk) (Gyldendal), henta 11. januar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]