Otto Sinding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Otto Sinding
Portrett av Otto Sinding (1842-1909).jpg
Fødd 20. desember 1842
Kongsberg
Død

23. november 1909
München

Otto Ludvig Sinding (16. desember 184223. november 1909) var ein norsk målar og teiknar frå Kongsberg som vert rekna til dei seinromantiske landskapsmålarane. Han vert mellom anna omtala som Lofotens målar. Stephan Sinding og Christian Sinding var to yngre brør.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Svolder, 1883
Vinter. Reine i Lofoten, 1894
Smeden dei ikkje torde sleppa inn i helvete, 1896

Sinding tok juridisk embetseksamen i 1860 og var tilsett som kopist i Indredepartementet då han i 1867 vart elev ved Johan Fredrik Eckersberg sin målarskule i Kristiania. Året etter heldt han fram studiane på kunstakademiet i Karlsruhe i Tyskland, i perioden 1869-73 under landsmannen Hans Gude. Seinare reiste Sinding til München, der han vart kjend med verk av Arnold Böcklin. Målarane i München var då særleg på jakt etter stemning i bileta sine. Sinding fekk her undervisning av tyskaren Carl von Piloty, og Sinding vart inspirert av dei effektfulle historiemåleria til Piloty.

Vinteren 1881/82 budde Sinding ei tid i Svolvær. På grunnlag av skisser utført på staden måla han store og panoramaliknande landskapsbilete i atelieret i München. Sommaren 1882 vart Vinterdag i Lofoten utstilt i Kristiania, med dette måleriet fekk Sinding sitt gjennombrot som målar. Hans Fra Reine i Lofoten vart også laga i 1882. Vinteren 1886 var han på ny i Lofoten, der han henta idear og inspirasjon til mange av sine mest kjende måleri.

Sinding fann motiva i den norske naturen, folkelivet og frå norsk historie. Slaget ved Svolder frå 1883 er hans kanskje mest kjende historiemåleri. Mellom dei beste måleria hans er elles dei reint saklege naturskildringane av sjø og fjell i Lofoten, til dømes Snelandskap fra Svolvær frå 1883. Sinding debuterte på Høstutstillingen i 1885, ti år seinare hadde han si fyrste separatutstilling.

Frå 1891 heldt Sinding til på Lysaker vest for Oslo. På den tida var han med på å illustrere Asbjørnsen og Moes eventyrsamlingar, saman med mellom andre Theodor Kittelsen og venen Erik Werenskiold. I 1903 returnerte Sidning til München og budde der til han døydde. Frå 1905 arbeidde han som professor ved Akademie der Bildenden Künste München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Otto Sinding