Nuorttanaste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nuorttanaste
Nuorttanaste.jpg
Oppretta1898
Språknordsamisk

Nuorttanaste ('Auststjerna') er det eldste samiske bladet som framleis kjem ut, frå 1898. Det vart gjeve ut av Den evangelisk-lutherske frikyrkja. Den første redaktøren var Gustav F. Lund frå Talvik.

Nuorttanaste blir redigert etter Friis-rettskrivinga, rettskrivinga til Bibelen frå slutten av 1800-talet. Då Bergsland-Ruong-rettskrivinga kom ut gjekk også Nuorttanaste over til den rettskrivinga, men på grunn av protestar gjekk dei attende til Friis-rettskrivinga. I dag blir ein del artiklar skrive på 1979-rettskrivinga, men for det meste er det Friis si rettskriving som gjeld.

I dag kjem Nuorttanaste ut i Karasjok som eit samarbeid mellom Frikyrkja og Norges Samemisjon.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]