Nygotikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lystslottet Oscarshall frå 1852 på Bygdøy i Oslo er eit døme på nygotikk.
Foto: Hans A. Rosbach
Parlamentsbygningen frå 1834 i London er eit anna døme på nygotikk

Nygotikk er ei stilretning innanfor arkitekturen som tek utgangspunkt i eller er inspirert av den gotiske arkitekturen frå mellomalderen. Nygotikken kan seiast å vere opptakten til historismen, og oppstod som resultat av den veksande interessa på 1700-talet for byggekunsten i mellomalderen, næra av ei bølgje av skjønnlitteratur som la handlinga til mellomalderen. Nygotikken kan ha arta seg som beinveges kopiering av gotisk stilelement, eller meir som ein inspirasjon som ikkje gjev seg så utprega utslag. Nygotikkens blømingsperiode i Noreg var på siste halvparten av 1800-talet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.