Palace of Westminster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Palace of Westminster sett frå London Eye
Palasset i flaumlys

Palace of Westminster er eit palass i Westminster i London som huser Det britiske parlamentet.

Palasset tar opp ei tomt på 32 400 m² på vestbreidda av Themsen. Tomta er omgitt i aust av 266 meter elvebreidd og i vest av Westminster Abbey, Parliament Square og Millbank. I nord ligg Portcullis House, ein moderne kontorbygning for parlamentsmedlemmer og staben deira, og under bakken ligg Westminster undergrunnsstasjon. I sør er Victoria Tower Gardens, ein liten triangulær park mellom Millbank og Themsen.

Bygningen har omkring 1000 rom, 100 trappeoppgangar og 3 km med korridorar. Andre framståande særpreg er:

  • det 98 meter høge klokketårnet, som huser klokka «Big Ben»
  • Underhuset og Overhuset med sine respektive vestibylar, og med ein sentralvestibyle i hjarta av bygningen
  • Victoria Tower, eit firkanta tårn sørvest for bygningen, som utgjer den høgaste delen av palasset
  • Westminster Hall, bygga 1097–1099 somx eldste delen av palasset

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Palace of Westminster

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!