Nynorsk Antikvariat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorsk Antikvariat er eit eit av dei største antikvariata i Noreg. Det held til i Bokbyen ved Skagerrak, i nedre bydel i Tvedestrand. Nynorsk Antikvariat legg vekt på eit godt utval i av nynorsk litteratur i alle sjangrar, men sel også bøker på bokmål. Antikvarbokhandlar Arne-Ivar Kjerland eig og driv aksjeselskapet Nynorsk Antikvariat AS. Han og selskapet er medlemar i Norsk Antikvarbokhandlerforening.

Nynorsk Antikvariat flytte 1. juli 2017 inn nyoppussa lokale i Holgata 2, (gamle Tvedestrand Varehandel), og har ei bokstamme på ca. 100 000 bøker frå fem hundreår. Til ei kvar tid har antikvariatet ca. 60 000 bøker på antikvariat.net. Mesteparten av omsetninga går som postordre, og blir ekspedert innan 48 timar frå bestillingane kjem inn, og ofte same dagen.

Nynorsk Antikvariat er kjent for å ta vel imot kundane sine, både nettkundane og dei som kjem innom. Antikvariatbokhandlar Arne-Ivar Kjerland har lang røynsle i bransjen, og er spesialist på nynorsk litteratur. Men antikvariatet har bøker på mange språk; sjølvsagt mest på bokmål og nynorsk, men også på dei andre nordiske språka, og på engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk og russisk.

Antikvariatet satsar mykje på lokalhistorie og norsk- og nordisk historie. Her er eigne avdelingar for royalisme, forsvar, andre verdskrigen og reiser i Noreg.Elles står litteratur og forfattarskap sentralt, det gjer også språk,  kulturhistorie og kunst. Andre kategoriar er realfag, essay og ordskifte, verda og verdshistorie, utvandring, oppslagsverk, religion, media og journalistikk, ordbøker, jus, kriminologi, pedagogikk og skulehistorie, sosiologi, skulebøker, lesebøker, biografiar, periodika og julehefte. Nynorsk Antikvariat har også ein eigen avdeling for barne- og ungdomsbøker.

Nynorsk Antikvariat starta i Oslo i 1989 og var ei drivande kraft i Den norske bokbyen i Fjærland i åra 1996-2004. I 2003 etablerte selskapet seg i Tvedestrand og frå 2004 har heile drifta vore samla her. Nynorsk Antikvariat, Holgata 2, 4900 Tvedestrand.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!