Tvedestrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tvedestrand
stad
Tvedestrand Brygga 2000.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Aust-Agder
Kommune Tvedestrand
Areal 1,93 km²
Folketal 2 503 (2017)
Folketettleik 1 297 / km²
Postnummer 4900 TVEDESTRAND
Wikimedia Commons: Tvedestrand (city)

Tvedestrand er ein by og administrasjonssenteret i Tvedestrand kommune i Aust-Agder fylke. Tettstaden ligg i ei trong gryte inst i Tvedestrandfjorden, som er den indre delen av Oksefjorden. Tvedestrand har 2 503 innbyggjarar per 1. januar 2017. Om lag ein tredjedel av innbyggjarane i Tvedestrand kommune bur i tettstaden.

Tvedestrand hadde vore ein liten strandstad med noko mindre industri då det i 1738 vart utskipningshamn for Næs Jernværk. Staden vart ladestad i 1836 og bykommune året etter. Tvedestrand mista bystatusen då han vart slått saman med kommunane Holt og Dypvåg i 1960. Kommunen vedtok bystatus for Tvedestrand att i 1997.

Tvedestrand er særprega av kvite trehus, tronge gågater og bratte trapper ned mot fjorden og hamna. Frå kaiene fører to gater opp til forretningsstrøket med den litle innsjøen Tjenna. Byen profilerer seg som Bokbyen ved Skagerrak og det blir stelt til fleire arrangement knytte til bøker og litteratur gjennom heile året. Hovudgata ned mot hamna har fleire antikvariat og bruktbokbutikkar. I byen står Tvedestrand kyrkje, ei langkyrkje frå 1860. Tvedestrand har ein lokalitet av Tvedestrand og Åmli vidaregåande skole, som tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering.[1]

Europaveg 18 går gjennom Tvedestrand kommune og passerer to kilometer nordvest for tettstaden Tvedestrand. Lokalavisa er Tvedestrandsposten som kjem ut tre dagar i veka.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tvedestrand og Åmli videregående skole». Store norske leksikon. 10. desember 2012. Henta 27. januar 2018. 
  2. «Tvedestrand». Store norske leksikon. 28. september 2017. Henta 27. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]