Hopp til innhald

Obstruent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Obstruent er ein oral språklyd som har ei så sterk innsnevring i talekanalen[1] (svelget eller munnhola) at det anten oppstår eit fullstendig lukke (som ved plosivar og affrikatar) eller at det oppstår høyrbar friksjon (som ved affrikatar og frikativar).

Nemninga omfattar desse typane språklydar:

Ein språklyd som ikkje er ein obstruent, er ein sonorant.[2]

Ordet obstruent er danna av det latinske verbet obstruō 'mure att, stengje'.

  1. [p b t d k ɡ] er plosivar (det vil seie pulmonisk egressive orale lukkelydar, medan [p' t' k'] er glottalisk egressive orale lukkelydar, eller ei undergruppe av ejektivane.
  2. [ʦ ʣ ʧ ʤ] er pulmonisk egressive, medan [ʦ' ʧ'] er glottalisk egressive.
  3. [f v s z ʃ ʒ x ɣ] er pulmonisk egressive, medan [f' s' ʃ'] er glottalisk egressive.
  1. Matthews, P. H. (2014). «obstruent». The Concise Oxford Dictionary of Linguistics (på engelsk) (Oxford University Press). ISBN 978-0-19-967512-8. doi:10.1093/acref/9780199675128.001.0001/acref-9780199675128-e-2313.
  2. Gussenhoven, Carlos; Haike, Jacobs. Understanding Phonology, Fourth Edition, Routledge, 2017