Okeanider

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Okeanida Doris på ein hippokampos. Relieff frå 100-talet f.Kr.
Evrynome avbilda til venstre på ein vase frå ca. 400 f.Kr.
Okeanider måla av Gustave Doré på 1860-talet.

Okeanider (Okeanos-døtrene) er ei gruppe hav- eller vassnymfer i gresk mytologi. Dei er døtrer av titanane Okeanos, ei lekamleggjering av urstraumen som omsluttar verda, og Tethys, opphavet til ferskvatn.

Okeanidene er ein type undriner - kvinnelege, menneskeforma vesen som lever i hav og vatn. Ifølgje Hesiod finst det 3000 av dei, og dei finst over heile verda og i havdjupnene.[1] Andre opprekningar gjev lågare tal; Hyginus nemner til dømes berre 17.[2] Brørne deira er også mange i talet og er vernegudar for elver.

Mange av okeanidene er knytt til havguden Poseidon. Det blir fortald at på dagar med solskin kunne ein få glimt av okeanider på havflata. Dei køyrde i skumsprutande vogner trekte av hippokamposar og pynta med blomar og kransar.

Det var vanleg for sjøfolk å tilbe okeanider med offer for å verna seg mot uvêr og ulukke på havet. Argonautane ofra mjøl, olje, honning og okser til dei før dei la ut på ferda si for å henta det gylne skinnet.

Okeanider i nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Den finske komponisten Jean Sibelius skreiv eit orkesterverk kalla Aallottaret (Okeanidene) i 1914.[3]

Enkeltokeanider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hesiod, Theogonien, 346 ff
  2. Fabulae
  3. The Oceanides (Aallottaret), tone poem for orchestra, Op. 73, Allmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Okeanider