Styx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferd over Styx. Etsing av Gustave Doré frå 1861

Styx er i gresk mytologi den underjordiske elva som vert oppfatta som ei grense mellom livets rike og dødsriket.

Kharon var ferjekaren som på ein båt førde dei døde over elva Styx til Hades. Til betaling for skyssen la ein ein mynt, ein obol, under tunga på den døde. Om ein ikkje hadde gjort det fekk den døde ikkje passere Styx, men måtte i staden vere i eitt limbo midt mellom livet og døden i all æve. Ein del kjelder, både greske og romerske, seier liksom Dante at Kharon førde dei døde over Acheron og ikkje over Styx.

Gudinna Thetis gjorde de nyfødde sonen sin, Akhilles, usårleg gjennom å dyppe han i elva Styx. Men hælen som ho heldt i vart ikkje dyppa. Under den trojanske krigen vart Akhilles skoten i hælen av ei pil og døydde. Derav uttrykket akilleshæl.

Lik andre elvar hadde Styx ei eiga gudinne eller vassnymfe, som også vart kalla Styx. Ho var gift med titanen Pallas, og deira dotter var sigersgudinna Nike.

Yomotsuhirasaka motsvarer Styx i den japanske mytologien.