Ola Dønheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ola Olsson Dønheim (10. desember 188726. august 1970) var ein norsk gardbrukar, lærar og politikar frå SurnadalNordmøre. Han var ordførar i heimbygda i nær 20 år og stortingsmann for Venstre bolken 1937-45.

Dønheim var elev ved Nordmøre amtsskule i 1905 og tok eksamen ved Volda lærarskule i 1912. Sidan underviste han 1912-13 i skulen i Rindal og var lærar 1913-15 på Buskerud folkehøgskule og 1915-16 på Møre Folkehøgskule i Ørsta. I 1917 tok han eksamen ved Norges landbrukshøgskule og var frå 1918 til -27 heradsagronom i Surnadal, dei to fyrste åra også i Rindal. Han tok over farsgarden i 1921 og dreiv denne i fleire tiår. Dessutan var han frå 1924 lærar på Øvre Mo skule.

Dønheim var allereie frå 1919 ordførar i Surnadal. Han vart attvald fem gongar og var såleis ordførar heilt til 1937. Perioden 1929-31 sat han i tillegg som formann i likningsnemnda. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant for Venstre i Møre og Romsdal. På Tinget var han medlem i Protokollkomiteen. Etter 2. verdskrigen var Dønheim på ny ordførar i 1945-46 og medlem i formannskapet 1947-?

Kjelder[endre | endre wikiteksten]