Ola H. Kveli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola H. Kveli
Fødd23. april 1921
Nordli
Død22. april 2003 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Det Liberale Folkepartiet
Yrkepolitikar, bonde, embetsmann

Ola Hansson Kveli (23. april 192122. april 2003) var ein norsk gardbrukar og politikar, fødd og død i Nordli i Nord-Trøndelag. Han var ordførar 1952-65, stortingsrepresentant 1965-73 og fylkesmann 1979-91.

Kveli var son til ein gardbrukar og gjekk fjellbygdskule i 1936 og Mære landbruksskole 1941-43. Han arbeidde som skogsarbeidar og var ei tid skogkjøpar for det svenske selskapet Kramfors.

30 år gammal vart Kveli vald til ordførar i Nordli og leidde kommunen 1952-63. 1964-65 var han ordførar i den nye Lierne kommune, som omfatta tidlegare Nordli og Sørli. I hans tid som ordførar bygde kommunen ut skulestellet og kraftforsyninga. Nordli kommune var òg tidleg ute med å setje vegbygginga ut på tilbod.

Frå 1961 til -69 var Kveli 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag. Då Bjarne Lyngstad var statsråd hausten 1963 og i valperioden 1965-69, møtte Kveli fast på Tinget. Hausten 1969 vart Kveli vald inn på Stortinget for Venstre, der han var ein sterk talsmann for distrikts-Noreg. Då Venstre vart splitta på sitt landsmøte på Røros i november 1972, fylgde Kveli mindretalet som braut ut og danna Det Nye Folkepartiet. Han var medlem i Militærkomitéen/Forsvarskomitéen 1965-69 og i Industrikomitéen 1969-73. Ved stortingsvalet 1973 var Kveli Det Nye Folkepartiets sin fyrstekandidat i Nord-Trøndelag, men mangla mykje på stortingsplass. I staden var han organisatorisk nestformann i partiet 1973-74 og generalsekretær 1974-75.

Kveli var kontorsjef i Røyrvik kommune 1975-79 og fylkesmann i Nord-Trøndelag 1979-91.

Kveli var mellom anna styremedlem i Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk 1956-79, styreformann i Øvre Namdal skogindustri A/S 1966–67, styreformann i Nord-Trøndelag landbruksselskap 1976–79, medlem av Midtnorsk oljeråd 1980–83, medlem i Statens naturvernråd 1981–86, leiar i Forurensningsrådet 1984–91, leiar i Det Norske Totalavholdsselskap (DNT) og lokallagsleiar i Det frivillige Skyttervesen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]