Ola Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Olsen
Fødd 25. oktober 1891
Død

13. april 1973

Ola Olsen (25. oktober 189113. april 1973) var ein norsk funksjonær og politikar frå Finnås i Hordaland. Han var 1954-61 stortingsrepresentant frå Hordaland, vald for Kristeleg Folkeparti.

Far hans var bøkker og emissær. Sjølv gjekk han Framnes ungdomsskule i Hardanger 1909/10 og var sidan kontorsjef ved Wichmann motorfabrikk frå 1911 til 1954.

I 1913 stifta Olsen fråhaldslaget Losje Wichmann og seinare var han styremedlem i Hordaland IOGT. Åra 1918-24 var han formann i Bremnes Misjonsforeining, eit lag tilslutta Det norske misjonsselskap. Han var også formann i Bremnes Helselag og i Den indre sjømannsmisjon sitt lokallag på Bremnes. Tida 1951-60 var han landsstyremedlem i Den indre sjømannsmisjon.

Olsen var med i Bremnes heradsstyre 1928-31. Hausten 1953 vart han vald til å representere Hordaland fylke og Kristeleg Folkeparti på Stortinget. Han vart attvald fire år seinare, og var begge fireårsperiodane medlem i Militærkomiteen.

Olsen vart heidra med fleire utmerkingar. Etter andre verdskrigen tok han for sin innsats i krigsåra imot den britiske «The Kings Medal for Courage in the cause of Freedom». I 1950 vart han tildelt Norges Vels medalje for arbeidet som kontorsjef ved Wichmann motorfabrikk og i 1964 vanka Kongens fortenstemedalje i gull på han.

Olsen skreiv jubileumsboka Wichmann Motorfabrikk A.L. 1903-1953.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]