Ola Skjåk Bræk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ola Skjåk Bræk
Fødd 4. februar 1912

Eidsvoll

Død 26. desember 1999
Parti Venstre

Ola Skjåk Bræk (fødd 4. februar 1912 i Eidsvoll, død 26. desember 1999) var jurist, bankmann og politikar.

Etter å ha vore sakførarfullmektig o domarfullmektig i Eidsvoll, arbeidde han i 10 år i Bank- og Sparebankinspeksjonen. I 1950 vart han banksjef for Sunnmøre Nye Kredittbank i Ålesund. I 1952 stod han bak ei samanslåing med tre andre bankar på Sunnmøre. Den nye banken vart Sunnmøre Kredittbank i Ålesund. I 1975 var han drivkraft bak samanslåing av Sunnmøre Kredittbank og Privatbanken i Ålesund til Sunnmørsbanken. Som banksjef var han sterkt engasjert i samfunnsutviklinga på Sunnmøre. Han ordna finansiering for omstillingar i fiskeflote og skipsbygging. Bræk var sentral i finansieringa av Vigra flyplass, og avi mange viktige vegsamband.

Ola Skjåk Bræk var vararepresentant til Stortinget i 1965 - 69, og i 1973 - 77. Han representerte Venstre. Brek vart industriminister i Korvaldregjeringa 1972 - 73.

Ola Skjåk Bræk fekk Sunnmøre Næringsråd sin ærespris i 1985. I 1976 vart han kommandør av St. Olavs Orden.

I 1990 gav han ut sjølvbiografien Hva brast så høyt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Harald Kjølås: Sunnmøres finansminister i 100 år 100 navn. Personer som har preget Nordvestlandet. Sunnmørsposten Forlag 2000