Olaf Prenzler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Olaf Prenzler (fødd 2. april 1958) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som tevla for Aust-Tyskland. Han vart i 1982 europameister på 200 meter. Elles vann han i perioden 1978-86 ein individuell sølvmedalje og tre stafettsølvmedaljar i tre ulike europameisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Prenzler sprang inn til sølv på 200 meter under Friidretts-EM 1978 med tida 20,61 sekund, bak suverene Pietro Mennea frå Italia. Dagar seinare sikra han som ankermann for Aust-Tysklands mannskap i 4 x 100 meter stafett ein ny sølvmedalje, saman med Manfred Kokot, Eugen Ray og Alexander Thieme. Under Sommar-OL 1980 rauk Prenzler ut or 200-metertevlinga i semifinalen.

Den 8. juli 1982 i Karl-Marx-Stadt sette Prenzler og landsmennene Thomas Schröder, Detlef Kübeck og Frank Emmelmann landsrekord på den korte stafetten med tida 38,28. Under europameisterskapen i Aten seinare på sommaren vart Prenzler nummer 6 på 100 m. Seinare i meisterskapen vann han gullmedaljen på 200 meter på personleg rekordtid 20,46 sekund, hundredelen av eit sekund framom briten Cameron Sharp, før han avslutta med stafett-sølv i lag med Thomas Munkelt, Detlef Kübeck og Frank Emmelmann.

Ved europameisterskapen 1986 enda Prenzler på sjuandeplass på 200 meter. Han avslutta meisterskapen med å vinne si tredje strake sølvmedalje i 4 x 100 m stafett, då saman med Thomas Schröder, Steffen Bringmann og Frank Emmelmann.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Sølv på 200 m – 20,61, bak Pietro Mennea (20,15). Sølv i 4 x 100 m stafett (38,78)
  • OL 1980 i Moskva: Utslått i semifinalane på 200 m (21,00=nr 10)
  • EM 1982 i Aten: Gull på 200 m – 20,46, framom Cameron Sharp (20,47). Sølv i 4 x 100 m stafett (38,71). Nr 6 på 100 m – 10,35
  • EM 1986 i Stuttgart: Sølv i 4 x 100 m stafett (38,64). Nr 7 på 200 m – 21,00

Kjelder[endre | endre wikiteksten]