Olai Eikeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olai Eikeland
Fødd23. juli 1915
Død14. april 2003
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Olai Eikeland til venstre, i samtale med Venstre-representantane Helge Seip og Bent Røiseland

Olai Ingemar Eikeland (23. juli 191514. april 2003) var ein gardbrukar frå Vennesla, aktiv politikar for Senterpartiet.

Eikeland var son til ein gardbrukar og dreiv sjølv gard frå 1935 til 1980. Han var mykje aktiv i styringa av ymse landbrukstiltak, såleis var han styreformann 1945-55 i Vennesla Meieri og 1958-69 i Agder kjøpelag. Periodane 1953-58, 1961-75 var han formann i Vest-Agder bondelag.

Eikeland engasjerte seg òg i partipolitikk og var medlem i Vennesla kommunestyre 1947-51 og 1954-75. Deretter var han formann 1975-83 for bygningsrådet i Vennesla. Stortingsperioden 1958-61 var Eikeland fyrste varamann til Tinget frå Vest-Agder, møtte tidvis på Stortinget. Hausten 1961 vart han vald inn på Stortinget for Senterpartiet i Vest-Agder. Ugreie med valavviklinga i fylket, gjorde at det vart halde omval vinteren 1962. Omvalet skipla ikkje mandatfordelinga i Vest-Agder, så Eikeland kunne halde fram med fast tingsete. Han var medlem i Landbrukskomiteen.

Etter han gjekk ut av kommunestyret i Vennesla i 1975, vart Eikeland vald inn i fylkestinget i Vest-Agder og sidan attvald i 1979, dermed vart han verande fylkestingmedlem i åtte år, 1976-83.

Elles var Eikeland medlem i Synodestyret til Den evangelisk-lutherske frikyrkja 1951-59 og 1970-71. Fireårsbolken 1963-67 var han styremedlem i Direktoratet for vilt og ferskvannsfisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]