Olav Ringdal jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olav Ringdal jr.
Fødd 24. mars 1921
Sandefjord
Død

4. april 1945 (24 år)
Oslo

Yrke motstandskjemper

Olav Ringdal jr. (24. mars 19214. april 1945) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen.

Olav vart fødd i Sandefjord, medan foreldra hans kom frå Larvik. Far hans, Olav Ingvald Ringdal var skipsreiar. Av di han og faren bar same namn, vart Olav Ringdal som oftast omtalt som Olav Ringdal d.y. eller Olav Ringdal jr.. Mora, Ragna Margrethe Støverud var grunnleggjaren av Ragna Ringdals dagsenter i Oslo.

Då krigen kom til Noreg i 1940, vart Ringdal jr. jusstudent ved Universitetet i Oslo. Sidan gjekk han inn i Milorg, der han arbeidde med propaganda og illegale aviser. Her samarbeidde han med fleire kjende motstandsfolk, til dømes Gregers Gram, Max Manus og Gunnar Sønsteby.

I boka ''Det blir alvor'', som vart skriven av Max Manus i 1946 er Ringdal mykje omtala, mellom anna med dekknamnet Kjell. Den 30. november 1943 vart det sett i gang ein aksjon mot Universitetet i Oslo av tyskarane. Aksjonen enda med at universitetet vart stengt og 1300 studentar vart arresterte. Olav Ringdal jr. var ein av desse, men han klarte å rømma. Den 4. april 1945 sette tyskarane i verk ein rassia mot Operasjon Derby. Ringdal jr. gjekk då i dekning i Bygdø allé 117 som han meinte var trygt. Her vart han overraska av tyskarar, som allereie var i huset. Olav Ringdal jr. vart deretter skoten og drepen - berre 24 år gamal. Det same hadde skjedd med Roy Nielsen tidlegare same dagen. Olav vart gravlagd i Vestre-Aker.

I 1952 vart ei redningsskøyte kalla opp etter Olav Ringdal jr., hovudsakleg etter ynskje frå faren. I filmen Max Manus vart han spelt av skodespelaren Rolf Kristian Larsen.