Ole Christian Andersen Nøstvig
Ole Christian Andersen Nøstvig | |||
Fødd | 10. juni 1782 | ||
---|---|---|---|
Død | 3. juni 1852 (69 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Ole Christian Andersen Nøstvig (10. juni 1782–3. juni 1852) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Velfjord i Nordland.
Far hans var gardbrukar i Velfjord. Sjølv tok han over farsgarden i 1804 og dreiv denne i lang tid. I 1838 vart han vald inn i det fyrste heradsstyret og var ordførar i fleire år. Også fleire år som forlikskommissær og valmann.
Nøstvig representerte Nordlands amt på Stortinget 1830-37 og 1842-45. Til Stortinget 1827 og 1828 var han 1. varamann, og møtte på omframstortinget 1828 frå 3. juni. Både i 1830, -33, -36, -42- og -45 var han medlem av kyrkjekomiteen, på omframstortinget 1836-37 av kyrkjekomite nr 2. Elles var han 1830 og -33 medlem av matrikkelkomiteen, 1833 av komiteen om tiend i Finmarken, 1836, 1836-37 og 1845 av valkomiteen samt medlem av Lagtinget 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 var han medlem av riksretten mot Severin Løvenskiold.
Han døydde på garden sin Velfjord i 1852 «af langvarig Sygdom».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Einskildmenn
- Fødde i 1782
- Døde i 1852
- Stortingsrepresentantar 1827-1829
- Stortingsrepresentantar 1830-1832
- Stortingsrepresentantar 1833-1835
- Stortingsrepresentantar 1836-1838
- Stortingsrepresentantar 1839-1841
- Stortingsrepresentantar 1842-1844
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar for Nordland
- Norske gardbrukarar
- Ordførarar i Brønnøy
- Folk frå Brønnøy