Ole Colbjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Colbjørnsen
Ole-colbjørnsen.jpg
Fødd 30. mai 1897
Vegårshei
Død

12. november 1973
Oslo

Yrke samfunnsøkonom, politikar, journalist, fysikar

Ole Colbjørnsen (30. mai 189712. november 1973) var ein norsk journalist, økonom og politikar frå Vegårshei. Han var ein av dei fyrste leiande planøkonomane i Noreg. Perioden 1937-40 møtte han på Stortinget frå Oslo, som varamann for statsråd Oscar Torp.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Etter examen artium i Arendal studerte han realfag under Carl Størmer og Lars Vegard ved Universitetet i Oslo. I 1920 reiste han til Russland for å studere og arbeide med femårsplanar. Etter elleve år i Sovjetunionen kom han tilbake i Noreg, og vart ein viktig pådrivar for ei radikal omlegging av den økonomiske politikken under den djupe krisa som Noreg og verda sleit med. I Arbeidarpartiet støtta han den økonomisk-politiske linja som Axel Sømme og Martin Tranmæl var faneberarar for. Colbjørnsen var mellom dei fyrste norske økonomane som talte for ein aktiv statleg investeringspolitikk og planøkonomi for å bringe landet ut av den økonomiske krisa. Frå 1932 til -40 skreiv han om økonomi i Arbeiderbladet. Han var frå 1936 medlem i Tiltakskomiteen.

Frå 1937 representerte han Oslo Arbeiderparti på Stortinget, som varamann for partiformannen, statsråd Oscar Torp.

Under felttoget i Noreg i 1940 var Colbjørnsen med på transporten av gullet i Noregs Bank, heile vegen til Tromsø og vidare til Storbritannia. Etter omlasting av gullet til M/S «Bomma» fylgde han transporten til USA. Colbjørnsen var finansråd, seinare handelsråd ved den norske ambassaden i Washington D.C. i tida 1940-48.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]