Lars Vegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Vegard
LarsVegard.jpg
Fødd3. februar 1880
Vegårshei
Død21. desember 1963
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, politikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Lars Vegard (fødd 3. februar 1880 i Vegårshei, død 21. desember 1963 i Oslo) var ein norsk fysikar og polarlysforskar.

Han er særleg kjent for arbeidet med å kartlegge fargespektrumet til nordlyset.[1] Spektralfordelinga gjev igjen opplysningar om samansetnaden av atmosfæren i nordlyshøgda. Vegard var den første som påviste at nordlysspektra inneheld informasjon om temperaturen til den gassen som sender ut lyset.

Vegard var den første som eksperimentelt påviste at òg hydrogen-emisjonar opptrer i nordlyset. Dette skjedde i 1939 etter fysiske observasjonar. I 1948 fann han dopplereffekten i hydrogenlinjene til nordlyset. Han publiserte 180 vitskaplege arbeid før han døydde.

Vegard tok examen artium i 1899 ved Ragna Nielsens skole og vart cand. real. i 1905 ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Oslo.[2] I 1906 og 1907 var han assistent for Kristian Birkeland og hjelpte til med å handsame resultat frå nordlysobservasjonane til Birkeland. I 1908 fekk han forskingsstipend og studerte elektrisitet hos J. J. Thompson i Cambridge.[2] Hausten 1909 drog han vidare til Leeds og studerte røntgenstråling hos William Henry Bragg. I 1910 vart han amanuensis ved universitetet i Oslo. I 1911 drog han til Würzburg og Wilhelm Wien, som same haust vart tildelt nobelprisen i fysikk. I Würzburg eksperimenterte Vegard med anodestrålar (positive stråler) og skreiv avhandlinga Über die Lichterzeugung in Glimmlicht und Kanalstrahlen.[3] Han vart dr. philos. på avhandlinga i Oslo i 1913.[2] Same år vart han utnemnt til dosent ved universitetet, ei stilling han hadde til 1918 då han overtok professoratet i fysikk etter Kristian Birkeland. Vegard heldt på professoratet til 1952, då det vart overtatt av Roald Tangen.

Vegard var òg lokalpolitikar og representerte Venstre i Aker kommunestyre. Det står ei byste av han ved Vegårshei Sparebank.[4] Eit portrett av han, måla av Henrik Sørensen, henger i foajeen i fysikkbygningen på universitetet i Oslo.

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars Vegard. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Lars_vegard
  2. 2,0 2,1 2,2 Lars Vegard i Norsk biografisk leksikon
  3. Lars Vegard (1912). «Über die Lichterzeugung in Glimmlicht und Kanalstrahlen». Annalen der Physik (tysk). 344 (11): 111-169. 
  4. «Lanserte bok om Lars Vegard». Tvedestrandsposten. 20. juni 2008.  Parameteren |besøkdsato= er ikkje støtta av malen. (hjelp)