Ole Halvorsson Mjelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Halvorsson Mjelva
Fødd1801
Grytten kommune
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde, politikar
FarHalvor Halvorsen Ophuus
Alle verv

Ole Halvorsson Mjelva (fødd i 1801) var ein norsk gardbrukar, spekulant og stortingsmann frå Romsdal.

Mjelva var fødd i Grytten (dagens Rauma kommune) i Romsdal. Far hans, Halvor Halvorsson Ophus, dreiv handverk og kjøpte garden Mjelva, som sonen Ole overtok.

Mjelva var 3. representant frå Romsdals amtStortinget i 1836 og på det overordentlege storting 1836-37. I 1836 var han medlem av budsjettkomiteen.

Gjennom mislukka økonomiske spekulasjonar og rettarganger vart Mjelva nøydd til å selje Mjelva-garden og flytta så i 1841 til Bud i Romsdal. Året etter, 1842, forsvann han etter å ha reist ut på ein fisketur. Rykta ville ha det til at han rømde til Tyskland for å verte fri gjeldskrava som var reist mot han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914