Ole Krabbe
Utsjånad
| Ole Krabbe | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 1758 Biri |
| Død |
3. august 1826 (68 år) |
| Yrke | offiser, politikar |
| Språk | norsk |
Ole Krabbe (1758–3. august 1826) var ein norsk offiser fødd i Biri.[1] Han var son av major Frederick Christian von Krabbe og Ingeborg Grosens.
Krabbe vart offiser i 1774, og oberstløytnant i 2. Trondhjemske Infanteriregiment i 1814, oberst 1818-1826.[1]
Han vart innvald til det overordentlege stortinget i 1814 der han representerte Søndre Trondhjems amt.[2]
Krabbe var ein del av den norske grenen av den danske adelsslekta Krabbe af Damsgård.[3]
Han var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, digital utgåve side 506
- ↑ Biografisk informasjon om Ole Krabbe ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- ↑ Krabbe af Damsgård frå Store norske leksikon