Hopp til innhald

Stortinget i 1814

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det 1. overordentlege storting

Den gamle stortingsalen i Oslo katedralskole (1836).

Eidsvoll 1815–1817
Val September 1814
Trådde saman 7. oktober 1814
Opna 8. oktober 1814 av statsrådet
Oppløyst 26. november 1814 av kronprins Karl Johan

Presidentar C. A. Diriks
W. F. K. Christie

Representantar 79

Liste over representantar

Stortinget i 1814, Omframstortinget i 1814 var fyrste gong det norske Stortinget kom saman etter at Riksforsamlinga på Eidsvoll hadde vedteke Grunnlova. Det var eit «omfram» storting av di det kom saman til ei anna tid enn Grunnlova føresetje.

Stortinget kom saman i Oslo katedralskole i Kristiania 7. oktober 1814 som følgje av Mossekonvensjonen, kor det vart fastsett at den svenske kongen skulle drøfte med det norske Stortinget om ein union mellom Noreg og Sverige på grunnlag av Eidsvoll-grunnlova.

Oppgåva til Stortinget var å revidere grunnlova slik at ho kunne virke i ein union med Sverige og å velje den svenske kong Karl II til norsk konge etter at Kristian Fredrik hadde abdisert. Stortinget avslutta revisjonen av grunnlova og valde Karl II til norsk konge 4. november 1814. Stortinget blei oppløyst 26. november.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]