Ole Christian Andersen Nøstvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Christian Andersen Nøstvig
Fødd 10. juni 1782
Død

3. juni 1852

Yrke politikar, bonde

Ole Christian Andersen Nøstvig (10. juni 17823. juni 1852) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Velfjord i Nordland.

Far hans var gardbrukar i Velfjord. Sjølv tok han over farsgarden i 1804 og dreiv denne i lang tid. I 1838 vart han vald inn i det fyrste heradsstyret og var ordførar i fleire år. Også fleire år som forlikskommissær og valmann.

Nøstvig representerte Nordlands amtStortinget 1830-37 og 1842-45. Til Stortinget 1827 og 1828 var han 1. varamann, og møtte på omframstortinget 1828 frå 3. juni. Både i 1830, -33, -36, -42- og -45 var han medlem av kyrkjekomiteen, på omframstortinget 1836-37 av kyrkjekomite nr 2. Elles var han 1830 og -33 medlem av matrikkelkomiteen, 1833 av komiteen om tiend i Finmarken, 1836, 1836-37 og 1845 av valkomiteen samt medlem av Lagtinget 1836, 1836-37, 1842 og 1845. I 1836 var han medlem av riksretten mot Severin Løvenskiold.

Han døydde på garden sin Velfjord i 1852 «af langvarig Sygdom».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914