Hopp til innhald

Ole Larsson Mek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Larsson Mek
StatsborgarskapNoreg
Fødd1. januar 1782
Hafslo
Død

31. mai 1844 (62 år)

Yrkebonde, politikar
Språknorsk

Ole Larsson Mek (Ole Larsen Meeg eller Ole Larsen Qvam; 1. januar 178230. mai 1844) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann.

Mek var fødd på garden Kvam i Hafslo i Sogn, der far hans var gardbrukar. Han eigde gardane Ugulsvik i Veitastrond og Lofthus i Sogndal, og dreiv desse fram til 1812. Han kjøpte då garden Mek i Bolsøy (i dagens Molde) og busette seg der. Denne garden dreiv han til han døydde. I 1837 fekk han forandra namnet på garden til Kvam, etter farsgarden i Sogn.

Mek var 4. representant for Romsdals amtStortinget i 1836, og på det overordentlege stortinget 1836-37. I 1836 var han medlem av tollkomiteen.

Han døydde på garden sin i Bolsøy. Ole Anton Qvam var sonen hans.