Ole Olsen Aaset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Olsen Aaset
Fødd 25. mars 1767
Åmot
Død

22. mai 1825
Åmot

Yrke forretningsdrivande, bonde, politikar, trelasthandlar

Ole Olsen Aaset (25. mars 176722. mai 1825) var ein norsk gardbrukar, trelasthandlar, landhandlar og stortingsmann frå Åmot i Hedmark.

Åset var son av ein gardbrukar. Han tok over farsgarden i 1788. I tillegg dreiv han trelasthandel i heile Østerdalen, for ein stor del for trelasthandlar Holm i Christiania. Han kjøpte opp store skogeigedommar, i 1812 eigde han 400 000 dekar skog inn mot svenskegrensa. Saman med Holm eigde han fem skip, til eit av dei, som vart bygt i Fredrikstad i 1810 og kosta 121 000 riksdalar, leverte han alt skipstømmeret. Han dreiv landhandel på Åmot, der han mellom anna nokre år ala fram tobakk til sal.

Aaset var stortingsmann frå Hedemarkens amt i 1821 og på omframstortinget året etter. I 1821 var han medlem av fem komitear, mellom anna om utskiftingslova og om gasjar, pensjonar og budsjett.

Han døydde på Åset i Åmot i 1825.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]