Ole Saxild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Saxild
Fødd 22. juni 1788
Død

10. januar 1849

Yrke politikar

Ole Saxild (22. juni 178810. januar 1849) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Skien.

Saxild var fødd på Gråten, i dag ein bydel i Skien som den gongen låg utanfor bygrensa. Han var son av ein offiser, men sjølv tok han dansk juridisk eksamen i 1810 og vart sakførar i Larvik. I 1812 vart han regimentkvartemeister og auditør, til dess han i 1826 fekk stillinga som byfut i Tønsberg. Frå 1841 var han fut i Hedmark, sidan 1847 var han sorenskrivar i Trøgstad der han døydde allereie vinteren 1849.

Saxild representerte Tønsberg på Stortinget i 1836 og på det overordentlege storting 1836-37. På 1836-tinget var han sekretær i bankkomiteen og i komiteen om brannvesenet i byane, medan han på 1836-37-tinget var sekretær i komiteen som løyvde midlar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]