Ole Wivel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Wivel
Fødd 29. september 1921
København
Død

30. mai 2004
Hillerød

Yrke skribent, journalist, lyrikar, biograf

Ole Wivel (29. september 192130. mai 2004) var ein dansk lyrikar og forleggar frå København. Han var leiar av Wivels forlag 1945–1953 og direktør i Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag 1954–1963 og 1971–1980. Han var redaktør av tidsskriftet Heretica saman med Martin A. Hansen 1950–1951.

Som lyrikar var han påverka av Rainer Maria Rilke og Stefan George og søkte mot det transcendentale, men uttrykte seg i ei modernistisk form prega av tryggleik og klårleik.

Sentralt i forfattarskapen står diktsamlingane I fiskens tegn (1948), Jævndøgnselegier (1949) og Maanen (1952). I Nike (1958), Templet for Kybele (1961), Gravskrifter (1970) og Danmark ligger her endnu (1979) uttrykker han aukande samfunnsengasjement. Av seinare diktsamlingar finn ein Skabelsen (1981), Iris (1993), Skygger i sandet (1997). Essaysamlingane Den skjulte gud (1952), Poesi og eksistens (1953), Kunsten og krigen (1965) og Poesi og protest (1971) ghev eit godt inntrykk i spennvidda i forfattarskapet. Han gav òg ut ein monografi om Martin A. Hansen (2 bd., 1967–1969).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]