Hopp til innhald

Rainer Maria Rilke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rainer Maria Rilke

Statsborgarskap Tyskland, Austerrike, Austerrike-Ungarn
Fødd 4. desember 1875
Praha
Død

29. desember 1926 (51 år)
Montreux

Yrke skribent, lyrikar, skodespelforfattar, omsetjar, romanforfattar
Språk tysk
Sjanger Dinggedicht, prosa
Ektefelle Clara Westhoff
Born Ruth Sieber-Rilke
Signatur
Rainer Maria Rilke på Commons

Rainer Maria Rilke (4. desember 187529. desember 1926), fullt namn René Karl Wilhelm Johann Josef Maria Rilke, var ein tyskspråkleg lyrikar frå Austerrike-Ungarn.[1] Han er kjend som ein idiosykcratisk og ekspressiv diktar som har hatt stor tyding for tysk litteratur.[2] Verket hans er blitt rekna for å ha undertonar av mystisisme, og tek for seg tema som subjektiv oppleving og mistru.[3][4][5]

I tillegg til dikt skreiv han òg forteljingar, éin roman og tekstar om kunst og kultur, og stod dessutan for talrike omsetjingar av litteratur og lyrikk frå mellom anna fransk til tysk. Den omfattande brevvekslinga hans er ein viktig del av det litterære verket hans. Rilke reiste vidt kringom i Europa, og slo seg til slutt ned i Sveits, som også inspirerte fleire av dikta hans. I tillegg til det tyske verket sitt skreiv Rilke også på fransk. Seinare på 1900-talet fann verket hans eit nytt publikum gjennom siteringar i sjølvhelpsbøker,[6][7][8] andre bøker, fjernsynsprogram og filmar.[9]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Rainer Maria Rilke var fødd i Praha, hovudstaden i Böhmen, som den gong var ein del av Austerrike-Ungarn. Far hans, Josef Rilke (1839–1906), var etter ein mislykka militær karriere blitt jernbanemann. På farssida stamma familien frå Türmitz i Sudetenland. Mora Sophie «Phia» Entz (1851–1931) kom frå ein velståande fabrikantfamilie i Praha. Håpa hennar om eit fornemt liv fann ho ikkje i dette ekteskapet. I 1884 braut ekteskapet til foreldra saman.

Også forholdet mellom mor og son var belasta, sidan ho ikkje kom over døden til den eldste dottera si berre éi veke etter fødselen. Ut av emosjonell hjelpeløyse batt ho René – fransk for «den gjenfødde» – til seg og trengte han inn i rolla til den avdøde systera si. Ifølgje Rilke måtte han ha på seg «fine klede» og «var ei leike [for mor si], som ei stor dokke».[10][11][12]

Den poetisk og kunstnarisk evnerike guten blei sendt til militærakademiet i Sankt Pölten i Niederösterreich. Han var der frå 1886 til 1891, då han måtte forlata skulen på grunn av sjukdom. Så flytta han til Linz, der han blei elev ved ein handelsskule. Etter å ha blitt utvist i mai 1892, vendte 16-åring tilbake til Praha, der han fekk privatundervising i tre år for å førebu seg til opptaksprøven ved universitetet. Denne bestod han i 1895. Han studerte litteratur, kunsthistorie og filosofi ved Karlsuniversitetet i Praha[13] til 1896, då han flytta til München.[14]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]
Rainer Maria Rilke (1906) måla av Paula Modersohn-Becker.

Allereie som liten skreiv han dikt, og i 1894 ordna han dei til den første diktsamlinga si, Leben und Lieder. Seinare følgde fleire, nokre av dei mest kjente er Das Stunden-Buch (Timenes bok, skriven mellom 1899 og 1903) og Das Buch der Bilder (Bildenes bok, fyrste del 1902, andre del i 1906), Neue Gedichte og Der neuen Gedichte anderer Teil (Nye dikt og Andre del av nye dikt, 1907 og 1908) og Das Marienleben (1912).

Rilke møtte og arbeidde som sekretær for Auguste Rodin i 1905–1906, noko som fekk stor tyding for han. Også møtet hans med den franske malaren Paul Cézanne sine verk i 1906, rett etter at målaren døydde, var ei banebrytande oppleving for han.

Opphaldet i Paris resulterte òg i det einaste lengre prosaverket til Rilke, Die Aufzeichnungen des Malte Laurids Brigge (Malte Laurids Brigges opptegnelser) frå 1910. Oppteikningane, som hentar ein del inspirasjon frå J.P. Jacobsen, er i noka grad sjølvbiografiske og består av erindringar og dagboksnotat der den fiktive hovudpersonen, diktaren Brigge, reflekterer over sin eigen moderne angst og rotløyse, og dessutan over det diktariske kallet sitt. Refleksjonane i dei fragmenterte oppteikningane er ein byrjande overgang frå det tidlege forfattarskapet til Rilke, med sine konsise og elegant beskrivande dikt, til dei dunkle, metapoetiske overveiingane som utgjer omdreiingspunktet for dikta i det seinare forfattarskapet.

Etter Opptegnelsene følgjer ein årelang periode med diktarisk stillstand. Han blir avløyst av kortare periodar med manisk produktivitet i den siste delen av forfattarskapet. I 1912 byrja Rilke på Duino-slottet i Italia det vanskeleg tilgjengelege lyriske storverket Duineser Elegien, men skrinla arbeidet då fyrste verdskrigen braut ut. Under og etter fyrste verdskrigen gjekk Rilke gjennom ei krise, og fekk ikkje skrive noko.

Først i 1921 tok han opp att den diktariske produksjonen sin, og fullførte i løpet av få månader Duineser Elegien (1912-1922). I den same perioden og i løpet av ganske få veker fekk Rilke fram endå eit betydeleg lyrisk verk, Sonette an Orfeus (1922). Dei to verka krinsar kring kallet til diktaren som ei overvinning av splittinga mellom individ og verda; gjennom den diktariske tolkinga av vesenet til tinga blir ytre fenomen forvandla til indre eksistens, og den tapte samanhengen blir gjenetablert. Metapoetiske og filosofiske overveiinga frå dei seinare åra hentar inspirasjon i ideane til den seine tyske romantikken om den moglege gjenskaping av ei tapt eining med verda til poesien, og fører han over i ein moderne tankegang ved å fokusera på eininga som noko internalisert menneskeleg framfor eit eigentleg panteistisk samband.

Rilke døydde 1926 på sanatoriet Valmont i Sveits. Han hadde då alt i lengre tid vore plaga av leukemi. Han blei gravlagd 2. januar 1927 i Raron gravlund vest for Visp.[15]

Det oppstod ei vandresoge kring døden hans og roser. Han skal ha ønska å heidra ein vitjande, den egyptiske venleiken Nimet Eloui Bey, ved å plukka roser i hagen. Medan Rilke gjorde dette skal han ha stukke seg på ei rosetorn, og utvikla blodforgifting som førte til at han døydde.[15]

Norske gjendiktingar

[endre | endre wikiteksten]
  • André Bjerke: Jeg klinger ved timens berøring
  • Åsmund Bjørnstad: Sonettane til Orfeus
  1. Köhnen, Ralph M. (2003). Neue Deutsche Biographie, Band 21. 
  2. Biography: Rainer Maria Rilke 1875–1926, Poetry Foundation website. Henta 2. februar 2013.
  3. Müller, Hans Rudolf. Rainer Maria Rilke als Mystiker: Bekenntnis und Lebensdeutung in Rilkes Dichtungen (Berlin: Furche 1935)
  4. Stanley, Patricia H. "Rilke's Duino Elegies: An Alternative Approach to the Study of Mysticism" in Heep, Hartmut (red.). Unreading Rilke: Unorthodox Approaches to a Cultural Myth (New York: Peter Lang 2000).
  5. Freedman 1998, s. 515.
  6. Komar, Kathleen L. "Rilke: Metaphysics in a New Age" in Bauschinger, Sigrid and Cocalis, Susan. Rilke-Rezeptionen: Rilke Reconsidered (Tübingen/Basel: Franke, 1995), pp. 155–169. Rilke reinterpreted "as a master who can lead us to a more fulfilled and less anxious life".
  7. Komar, Kathleen L. "Rethinking Rilke's Duisiner Elegien at the End of the Millennium" in Metzger, Erika A. A Companion to the Works of Rainer Maria Rilke (Rochester, New York: Camden House, 2004), pp. 188–189.
  8. See also: Mood, John. Rilke on Love and Other Difficulties (New York: W. W. Norton & Company, 1975); and a book released by Rilke’s own publisher Insel Verlag, Hauschild, Vera (ed.), Rilke für Gestreßte (Frankfurt am Main: Insel-Verlag, 1998).
  9. Komar, Kathleen L. "Rethinking Rilke's Duisiner Elegien at the End of the Millennium" in Metzger, Erika A., A Companion to the Works of Rainer Maria Rilke (Rochester, New York: Camden House, 2004), 189.
  10. Prater 1986, s. 5.
  11. Freedman 1998, s. 9.
  12. "Life of a Poet: Rainer Maria Rilke" at www.washingtonpost.com
  13. Freedman 1998, s. 36.
  14. «Rainer Maria Rilke | Austrian-German poet». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 17. juli 2017. 
  15. 15,0 15,1 Excerpt from "Reading Rilke – Reflections on the Problems of Translation" by William H. Gass (1999) ISBN 0-375-40312-4; featured in The New York Times 2000. Henta 18. august 2010 (krev abonnement)

Bibliografi

  • Freedman, Ralph (1998). Life of a Poet: Rainer Maria Rilke. New York: Northwestern University Press. ISBN 978-0-810-11543-9. 
  • Prater, Donald A. (1986). A Ringing Glass: The Life of Rainer Maria Rilke. Oxford: Clarendon Press.