Hopp til innhald

Oleh Luzjny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oleh Luzjny


Statsborgarskap Sovjetunionen, Ukraina
Fødd 5. august 1968 (56 år)
Lviv
Idrett fotball
Utmerkingar Master of Sport of the USSR, International Class, 3. klasse av Ukrainas fortjenstorden

Oleh Romanovytsj Luzjny (fødd 5. august 1968) er ein ukrainsk tidlegare fotballspelar frå Lviv. Han var forsvarspelar i Dynamo Kiev i ti sesongar, sidan aktiv i England og Latvia. Luzjny deltok perioden 1992-2003 i 52 landskampar for Ukraina.

Lujzny utmerkte seg i SKA Karpaty Lviv i 1988. Frå 1989 til 99 spelte han for storlaget Dynamo Kyiv. Etter å ha vore med om å sikre hovudstadsklubben sju strake seriemeistertitlar, vart han sommaren 1999 overført til engelske Arsenal FC sommaren 1999. Våren 2002 lukkast Arsenal gå til topps i både ligaen og FA-cupen. Luzny deltok ikkje FA-finalen 2002, det gjorde han derimot då laget også vann FA-finalen 2003.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Luzny deltok i 60 landskampar. I 1989 og 90 spelte han 8 kampar for Sovjetunionen sitt landslag, medan han frå 1992 til 1999 aksla Ukraina sitt landslag i 52 kampar. I 39 av Ukraina-kampane var han lagkaptein. Han skåra ikkje eitt einaste landslagsmål, landslaget deltok heller ikkje i noko stor turnering.

  • Ukrainsk seriemeister: 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999
  • Ukrainsk cupmeister: 1993, 1996, 1998, 1999
  • Engelsk ligameister: 2002
  • Vinnar av FA-cupen: 2002 og 2003

Etter Russland 24. februar 2022 invaderte Ukraina, melde Luzjny seg til teneste for landets forsvar.