Olympic Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olympic Valley
busetnad
Land  USA
Folketal 3 564 (2020)[1]
Kart
Olympic Valley
39°11′46″N 120°14′01″W / 39.196111111111°N 120.23361111111°W / 39.196111111111; -120.23361111111
Wikimedia Commons: Olympic Valley, California

Olympic Valley (tidlegare kjend som Squaw Valley) er ein tettstad ved elva Truckee i Placer County aust i California i USA. Olympic Valley er kjend for å ha vore arrangørby for Vinter-OL 1960. I 2016 hadde Olympic Valley 823 innbyggjarar.[2]

Olympic Valley ligg i fjellområda aust i California, ved breidda av elva Truckee, i nærleiken av Lake Tahoe på grensa mellom California og Nevada. Olympic Valley ligg kring 125 km unna delstatshovudstaten i California, Sacramento, kring 40 km unna delstatshovudstaden i Nevada, Carson City, og kring 50 km unna Reno i Nevada. Oppover fjella mot vest ligg Palisades Tahoe og OL-landsbyen.

Olympiske vinterleikar[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel for dette emnet er Vinter-OL 1960.

Gondolbanen som fraktar personar opp til Palisades Tahoe.

Olympic Valley var arrangørby for Vinter-OL 1960, og er den minste byen OL har vore halden i.[3] Under avstemminga om kvar ein skulle halda leikane vann Olympic Valley den fyrste runden med 30 stemmer, mot dei andre kandidatane, Innsbruck i Austerrike, Garmisch-Partenkirchen i Tyskland og St. Moritz i Sveits. Olympic Valley og Innsbruck gjekk vidare til andre runde, der Olympic Valley vann med 32 stemmer mot 30

665 personar frå 30 land deltok i leikane. Det var til saman åtte ulike idrettar: skiskyting, ishockey, kunstløp, hurtigløp, alpint, langrenn, kombinert og skihopp.

Palisades Tahoe, som fram til 2021 heitte Squaw Valley Ski Resort, var arena for OL-øvingane. Dette er eit av dei største vintersportsstadene i USA. Han er den nest største vintersportsstaden i Lake Tahoe-området, etter Heavenly Mountain Resort, som ligg lenger mot søraust. Olympic Valley Ski Resort er 15 km² stort og har 30 stolheisar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Olympic Valley