Omleiringa av Port Royal i 1710

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Port Royal
Del av Dronning Anne-krigen
Fort Port-Royal.jpg
Fort Anne (Port Royal) 1710
Dato 5. – 13. oktober 1710
Stad Port Royal i Acadia (dagens Nova Scotia)
Resultat Avgjerande britisk siger[1]
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Irokesarane
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Mi'kmaq
Abenaki
Kommandantar
Francis Nicholson Daniel d'Auger de Subercase
Styrkar
kring 2 000[2][3] færre enn 300[2]
Tap
ukjend ukjend

Omleiringa av Port Royal (5. til 13. oktober 1710), òg kjend som erobringa av Acadia, vart utført av britiske soldatar og provinsstyrkar under Francis Nicholson mot ein fransk garnison i Acadia kommandert av Daniel d'Auger de Subercase, i den acadiske hovudstaden Port Royal. Den vellukka britiske omleiringa markerte byrjinga på den permanente britiske kontrollen over halvøy-området av Acadia, som dei gav namnet Nova Scotia, og det var første gongen britane tok og klarte å halde på ein fransk koloni.[4] Etter at franskmennene overgav seg okkuperte britane fortet i hovudstaden og feire at dei hadde erobra ei av dei største festningane i Europa.[5] Dei gav staden det nye namnet Annapolis Royal.

Omleiringa var det tredje forsøket til britane under Dronning Anne-krigen på å erobre den akadiske hovudstaden, og det fekk store følgjer for dei neste 50 åra. Erobringa var eit nøkkelelement i forhandlingane mellom Frankrike og Storbritannia i 1711-1713 om saker i Nord-Amerika. Det førte til at den nye kolonien Nova Scotia vart oppretta, og førte til stor uro om lagnaden til både akadiarane og Mi'kmaq-folket, som framleis budde i Acadia.[6]

Erobringa av Acadia var eit særs viktig element i historia til dei kanadiske statane - det skjedde før britane erobra Louisbourg og Quebec, og varsla slutten for den franske makta i Nord-Amerika meir generelt.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peckham, s. 84
  2. 2,0 2,1 Griffiths, s. 234
  3. Drake, s. 259
  4. I følgje historikaren John Grenier, hadde engelskmennene før 1710 berre raida, plyndra og okkupert franske koloniar i kortare periodar. Andre engelske territorium tok frå indianarane.(Grenier, s. 12)
  5. Grenier, s. 15
  6. Reid et al, s. x
  7. McKay, Ian and Bates, Robin. In the Province of History: The Making of the Public Past in Twentieth-Century Nova Scotia. McGill-Queen's University Press. 2010. s. 78.

Koordinatar: 44°42′40″N 65°36′36″W