Omleiringa av Pensacola i 1707

Koordinatar: 30°20′52″N 87°17′50″W / 30.34778°N 87.29722°W / 30.34778; -87.29722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omleiringa av Pensacola
Del av Dronning Anne-krigen

Fort San Carlos de Austria, kart frå 1699
Dato første omleiring: 12.-20. august 1707
andre omleiring: 28.-30. november 1707
Stad Pensacola, Spansk Florida
Resultat Spansk siger
Partar
Flagget til Spania Spansk Florida Flagget til EnglandEngelske provinsen Carolina
Creek
Kommandantar
Don Sebastián de Moscoso ukjend; andre omleiringa kan ha vore leia av Thomas Nairne
Styrkar
første omleiring: ukjend, under 220
andre omleiring: kring 300
første omleiring: fleire hundre
andre omleiring: kring 320
Dronning Anne-krigen
Flint River – Newfoundland – St. Augustine – Apalachee-massakren – Deerfield – Grand Pré – 1. St. John's – Charles Town – 1. Port Royal – Pensacola – Haverhill – 2. St. John's – Fort Albany – 2. Port Royal – Bloody Creek – Quebec

Omleiringa av Pensacola var to separate forsøk i 1707 av engelsk-støtta Creek-indianarar på å erobre byen og festninga Pensacola, den eine av to store busetjingar i Spansk Florida (den andre var St. Augustine). Åtaka var ein del av Dronning Anne-krigen (den nordamerikanske krigsskodeplassen i den spanske arvefølgjekrigen), og førte til at byen vart brend ned, og det meste av den indianske folkesetnaden flykta. Fortet stod derimot imot åtaka.

Den første omleiringa, i august 1707, førte til at byen vart øydelagd, men Fort San Carlos de Austria klarte å stå imot. Seint i november 1707 nådde eit nytt tokt fram, og prøvde seg tre netter på rad, før dei trekte seg attende. Pensacola-guvernør Don Sebastián de Moscoso, som hadde lite folk i garnisonen på grunn av sjukdom, henta inn dømde kriminelle til å hjelpe til med forsvaret av fortet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

30°20′52″N 87°17′50″W / 30.34778°N 87.29722°W / 30.34778; -87.29722