Onarheimsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Utsyn frå Hovlandsnuten mot Onarheimsfjorden (i framgrunnen)

Onarheimsfjorden er ein del av Kvinnheradsfjorden og Hardangerfjorden på austsida av Tysnes. Fjorden har innløp mellom Ølve i nord og øya Ånuglo i sør og ligg vestover mot Tysnes. Fjorden er lengst frå sør til nord og har ei lengd på 12 km.

Vest for Ånuglo ligg øyane Midtøyane og Seløya. Rett nordvest for Seløya ligg Onarheim, som fjorden er kalla opp etter. I nord av fjorden ligg Håvika på austsida og nord for denne smalnar fjorden inn til Lokksundet, som ligg mellom Tysnesøy og fastlandet. Nord for sundet ligg Bjørnafjorden. Riksveg 43 kryssar sundet over ei om lag 300 meter lang bru.