One Piece

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
One Piece
Orig. ワンピース, wanpīsu


Sjanger Eventyr, action, komedie, drama
Lengd ca. 22-26 minutt
Nasjonalitet Japan
Språk Japan Japansk
USA Engelsk
Kanal Japan Fuji TV
USA Cartoon Network

One Piece (japansk: ワンピース wanpīsu) er ein manga- og animeserie frå Japan, med ei historie som tek utgangspunkt i piratar. Teiknaren heiter Eiichiro Oda. Serien tek for seg eventyra til den unge piraten Monkey D. Ruffy og mannskapet hans.

Mangaen starta i den 34. utgåva av det japanske teikneseriebladet Weekly Shonen Jump i 1997. Studioet Toei Animations produserer ein animéserie som vart synt fyrste gong i 1999 på TV-kanalen Fuji TV i Japan. Denne er framleis i produksjon. I Noreg blir mangaen gjeve ut av Schibsted Forlagene ein gong i månaden på norsk (bokmål). Så langt er 33 bøker komne ut i Noreg og 48 i Japan.

Vekst og popularitet[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Eiichiro Oda merka seg ut fyrste gong i 1992, då han som 17-åring fekk ein ærespris i Tezuka Awards (ein konkurranse som blir halde av Shonen Jump). Året etter vann han Hop Step Award, (ein pris som blir delt ut kvar månad til talentfulle teiknarar) for sin serie Ikki Yakou. Det var i Shonen Jump han debuterte med One Piece, som har vorte den tredje mest selde mangaen i historia til Shonen Jump, og ein av dei mest populære i Japan. Opphavleg hadde Oda allereie tenkt ut ein slutt for serien, og han skulle difor berre vare i fem år. Men serien fortsette ut over forventingane hans og populariteten auka enormt. One Piece er no den fyrste mangaen som står i Shonen Jump-bladet, eit teikn på kor populær han er.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I tida mellom 1996 og 1997 teikna Eiichiro Oda tre ulike manga-kapittel som alle var bygde på tanken om ein serie om piratar. Desse tre kapitla representerer ein langsam prosess med bakgrunn i ideen til forfattaren om å lage ein serie som tek for seg piratar. Mykje av inspirasjonen henta Oda frå interesser og røynsler tidlegare i livet, allereie som ungdomsskuleelev hadde han byrja på skisser til ein sjørøvarserie, og då han seinare arbeidde som medhjelpar for Nobuhiro Watsuki (forfattaren av Rurouni Kenshin) starta han å sjå på idear til mangaen sin. Utfallet av arbeidet vart dei tre tidlegare nemnde kapitla, som kom ut i Shonen Jump. Dei fekk alle namnet Romance Dawn, men det var den tredje varianten som enda opp som det fyrste kapitlet i serien One Piece.

Romance Dawn, versjon 1[endre | endre wikiteksten]

Denne forma av kapitlet er på 46 sider og kom ut som ein såkalla «One Shot-teikneserie» (ein teikneserie som blir gjeve ut som ei heil historie utan vidare framhald) den 4. august 1996 i ein sommarutgåve av Shonen Jump. Denne kapittelvarianten vart seinare trykken opp på nytt og gjeve ut i 2005 i boka One Piece RED: Grand Characters.[1] Boka inneheld òg merknader frå Eiichiro Oda sjølv og ymse fakta om både serien og figurane i han. Versjon 1 av Romance Dawn kallast her kapittel null.

Kapitlet har fleire likskapar med den endelege utforminga, blant anna er hovudpersonen Monkey D. Ruffy på plass med fleire av sine særprega eigenskapar. Det store førebiletet til Ruffy, sjørøvarkapteinen Red-Haired Shanks («Shanks den røde» på norsk), er òg med i historia, det same er grunnen til at Ruffy husar stor beundring for han. Likevel er det mange kjenneteikn frå den endelege utgåva som manglar, blant anna drivkrafta som får Ruffy til å bli pirat. I denne versjonen er motivet hans å dra ut på eventyr, mens han i den endelege varianten søkjer å finne ein stor skatt og bli «sjørøvarkongen». I versjon 1 delast piratar inn i to grupper, dei vondskapsfulle som plyndrar og røvar, og dei meir fredsame piratane som berre er på jakt etter eventyr. Denne inndelinga finst ikkje i versjon 3 av Romance Dawn.

Romance Dawn, versjon 2[endre | endre wikiteksten]

Den andre varianten av Romance Dawn er på 45 sider og vart fyrste gong gjeve ut i utgåve 41 av Shonen Jump. I 1998 kom han ut igjen i samlingsverket WANTED!.

Denne forma har enda fleire likskapar med den endelege versjonen enn forgjengaren sin. Personlegdomen og utsjånaden til Ruffy ligg monaleg nærmare sluttresultatet enn det dei gjorde i versjon 1. Eit eksempel på det er at dei særeigne evnene han har som følgje av å ha ete ein såkalla «djevelfrukt» er meir uttala. Ein anna tydeleg skilnad er at Red-Haired Shanks ikkje er med i historia. I staden er det Ruffy sin bestefar som har Shanks sin rolle som førebilete og inspirasjon. Inndelinga i vondskapsfulle og gode piratar hald fram i denne versjonen, og Ruffy sitt motiv er enno berre å søkje etter eventyr.

Romance Dawn, versjon 3[endre | endre wikiteksten]

Dette er den endelege versjonen av Romance Dawn og er det fyrste kapitlet i serien One Piece. Han vart fyrste gong gjeve ut i 1997 i utgåve nr. 34 av Shonen Jump. Saman med kapittel to til åtte, vart han samla i ein samlingsbok (ein «tankobon-bok») som òg fekk namnet Romance Dawn. På norsk heiter han «Eventyret begynner».

Manga[endre | endre wikiteksten]

Mangaen (eit vanleg omgrep på japanske teikneseriar, i røynda japansk for «teikneserie») blir gjeve ut vekentleg i Weekly Shonen Jump, det same bladet som står for utgjevinga av serien i USA. Sjølv om utgjevingane skjer vekentleg, er ikkje talet på kapittel jamt, blant anna på grunn av personlege avbrekk i skrivinga til Eiichiro Oda sjølv. Shonen Jump kan òg lesast i andre land, men ikkje alle versjonane femnar om One Piece. Likevel kan ein då lese serien i eigne pocketbøker, såkalla tankobon-format. I desse bøkene er ei visst tal kapittel samla i same bok. Desse blir gjeve ut i Japan med to til tre månaders mellomrom og er trykte på betre papir enn papiret nytta i Shonen Jump. Når ein når ei viss mengd kapittel, samlast dei føregåande i ei pocketbok. I Noreg gjevast ikkje lenger Shonen Jump ut, men kapitla kom i staden samla i pocketbøker kvar månad på norsk (bokmål). Totalt er 33 bøker komne ut i Noreg, 17 i USA (her kom nye kapittel vekentleg i Shonen Jump) og 48 i Japan. I dag finst mangaen på over 20 språk i om lag like mange land.

Anime[endre | endre wikiteksten]

Animen (vanleg omgrep på japanske animasjonsseriar) debuterte i 1999 og blir produsert av animasjonsstudioet Toei Animations. Frå og med 4. desember 2011 er 526 episodar av serien synte i Japan. Det er òg laga fleire spesialepisodar og til saman åtte filmar. For det meste hald animen seg tru til historia i teikneserien, med unnatak av særskilde episodar (såkalla fillers) som blir sende i mellom for å hindre han frå å ta igjen mangaen. Desse særskilde episodane inneheld difor som regel forteljingar som ikkje er i mangaen., bortsett frå nokre få av dei, som er baserte på små historier innimellom kapitla i mangaen.

Animen er omsette og dubba til fleire språk, blant anna engelsk og fransk. I USA er det to ulike TV-verksemder som har dubba animen. Versjonen til 4Kids Entertainment, den fyrste av dei to verksemda, fekk mykje kritikk for dei store endringa som vart gjort for å gjere serien meir barnevennleg[2]. Denne tolkinga av serien varer berre til episode 143, og fyrst i april 2007 melde verksemda FUNimation Entertainment at dei var i gang med å dubbe episodane 144 til 205. 29. september same år hadde den nye versjonen premiere på Cartoon Network i USA. Denne tolkinga har færre endringar enn forgjengaren og skal i tillegg seljast på DVD i Nord-Amerika utan nokon form for endringar tilpassa barn.

Innleiing[endre | endre wikiteksten]

Innleiinga til det fyrste kapitlet i serien fortel om piraten Gol D. Roger (oftare kalla Gold Roger) som vart kjend som sjølvaste «sjørøvarkongen» og den sterkaste pirat som nokon sinne hadde levd. Men så ein dag vart han teken til fange av marinen og dømd til døden. Medan han stod på skafottet, avdekte han for folkemengda som så på at han hadde gøymd bort ein skatt, kjend under namnet One Piece, og oppmoda alle som ville finne han til å dra ut på leiting. Desse orda sat startskotet for ein periode kalla «sjørøvaranes gullalder», der eit stort tal piratar drog ut på havet for å finne skatten til Gold Roger, som det gjekk så mykje fråsegn om.

Fleire år etter døden til Gold Roger, er «sjørøvaranes gullalder» enno i full gang og draumen om finne One Piece og bli den nye sjørøvarkongen finst hos mange menneske. Her får me møte hovudpersonen i serien, den unge mannen Monkey D. Ruffy. Draumen hans er å bli den som finn One Piece og dermed bli den største av alle piratar. Det store førebiletet hans er piratkapteinen «Shanks den røde», som for ei tid slo seg ned i heimbyen til Ruffy då Ruffy var ein liten gut. Ein dag har mannskapet til Shanks med seg ein særeigen frukt som blir kalla ein «djevelfrukt» og ved eit uhell et Ruffy denne. Frukta har ein merkeleg verknad på kroppen til Ruffy, han blir gjort om til gummi og dermed òg særs tøyeleg og spenstig. Men frukta gjer òg slik at Ruffy aldri kan lære seg å symje, for dei som et ein djevelfrukt blir støytte vekk frå havet og blir fullstendig kraftlause i havvatn. Ruffy blir litt seinare i handlinga bortført av ein fjellrøvar, kasta på havet og gått til åtak på av eit sjøuhyre, men Shanks bergar han i siste liten, men berginga kostar Shanks den eine armen. Kort tid seinare forlèt han og mannskapet byen, men fyrst gjev han Ruffy stråhatten sin, med bod om at han skal få låne han fram til han blir ein stor pirat. Ruffy sver på at han skal bli ein pirat og finne One Piece.

Ti år seinare er Ruffy tenåring og set segl i ein liten båt med stråhatten til Shanks på hovudet. Han går i gang med å finne folk til eit mannskap og her startar sjølve historia, 22 år etter avrettinga av Gold Roger.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Informasjon om boka (fransk)
  2. http://opguide.bravehost.com/a Samanlikning av japanske- og engelskspråklege episodar