Operahuset i Oslo
59°54′25″N 10°45′13″E / 59.90694°N 10.75361°E
| Operahuset i Oslo | |||
| | |||
| Offisielt namn | Den Norske Opera & Ballett | ||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Operahuset i Oslo Operahuset | ||
| Adresse | Kirsten Flagstads Plass 1 | ||
| Stad | Oslo i Noreg | ||
| Eigar | Oslo | ||
| Arkitekt | Snøhetta AS | ||
| Påbegynt | 2003 | ||
| Opna | 12. april 2008 | ||
| Rom | 1 100 | ||
| Stil | postmodernistisk arkitektur | ||
![]() Operahuset i Oslo 59°54′25″N 10°45′13″E / 59.906944444444°N 10.753611111111°E | |||
Operahuset i Oslo er bygget til Den Norske Opera & Ballett og ligg i Bjørvika inst i Oslofjorden. Huset er teikna av arkitektkontoret Snøhetta AS som vann ein arkitektkonkurranse i 2000. Det vart opna 12. april 2008. Bygningen har vunne mange prisar. Det kvite operabygget er blitt eit monumentalbygg i Oslo, og operataket er blitt ein attraksjon i seg sjølv. Operahuset har fått adresse Kirsten Flagstads plass 1 etter den første sjefen til operaen, Kirsten Flagstad.
Operahuset blei freda av Riksantikvaren i 2012.[1]
Bygg
[endre | endre wikiteksten]I 1999 vedtok Stortinget at operaen skulle plasserast i Bjørvika. Byggherre vart Statsbygg, arkitekt var Snøhetta AS og entreprisane vart blant anna tildelt Vegdekke. Kostnadsramma var på 3,9 milliardar kroner. Harald V stod for opning av operaen 12. april 2008.

Salane
[endre | endre wikiteksten]Det er tre publikumssalar. Alle stolane i Hovedsalen og på Scene 2 har eit eige system for teksting av librettoen, slik at ein kan velje kva for språk ein vil ha teksten på.
Hovudsalen har 1 358 sitteplassar. Med tanke på akustikken er den bygd med form som ein tradisjonell hestesko. Det er tre balkongar som i front er kledd i eik. Også fronten på balkongane er utforma for å gi god akustikk i salen.
Bilete
[endre | endre wikiteksten]Frå oppføringa av bygget
- Operahuset i Oslo under bygging 2005, sett frå sjøsidaFoto: Tomasz Sienicki
- Operahuset under oppføring 7. juni 2005Foto: J. P. Fagerback
- Operahuset under oppføring hausten 2006.
- Operahuset under oppføring 3. februar 2007, sett frå høgd på Ekeberg søraust for Oslo sentrum .Foto: J. P. Fagerback
- Operahuset i Bjørvika i februar 2007Foto: Hans A. Rosbach
- Operabygget blei i 2007 utvendig og innvendig kledt med kvit carrara-marmor. Bildet viser taket i august 2007.Foto: Hans A. Rosbach
Sjølve bygget
- Operaen og Barcode (flyfoto 2015)
- Operahuset i skumring sett frå nordvest. Ekeberg i bakgrunnen.Foto: Rafał Konieczny
Frå inngangen og foajeen
- Publikum på veg opp trappa frå inngangen
- Lobbyen sett frå ein balkongFoto: Hans A. Rosbach
- Kunstnerisk utsmykking i foajeen
- Ein bølgjande vegg med balkongar der det er mogleg å sjå ned til foajeen og ut mot byen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Operaen fredet frå Riksantikvaren (Vitja 21. januar 2014)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Operahuset i Oslo i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
