Statsbygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statsbygg er ei statleg forvaltningsverksemd under Kommunal- og moderniseringsdepartementet som skal setje i verk og gjennomføre den politikken som Stortinget har vedteke for statens eigen byggje- og eigedomssektor. Statsbygg er staten sin byggherre, eigedomsutviklar og forvaltar, med ansvaret for nokre av dei mest komplekse byggjeprosjekta i landet, som til dømes fengsel, tinghus for domstolane, museum, høgskular og barnevernsinstitusjonar. Arkitektar som skal engasjerast i prosjekta, vert valde ut etter offentlege konkurransar der det vert lagt vekt på kvaliteten på arkitekttenestene, dokumentert kompetanse og evnen til å gjennomføre oppdraget.

Statsbygg er dessutan statens rådgjevar i saker som gjeld leige av lokale på den private eigedomsmarknaden, som årleg dreier seg om fleire milliardar kroner.

Hovudoppgåva for Statsbygg er difor å syte for at statlege organ av ulik art får seg kostnadseffektive og funksjonelle lokale. Men Statsbygg forvaltar òg ei rekkje statlege bygningar med høg kulturhistorisk verdi, med til dømes Slottet, Håkonshallen, Eidsvollsbygningen og den freda Bergskrivergården på Røros som truleg dei mest kjende. For å ta vare på dei kulturhistoriske bygningane er det laga landsverneplanar med oversyn over verneverdige eigedommar kartlagde og valde ut av Statsbygg i samråd med Riksantikvaren, og forvaltningsplanar om korleis kvar einskild bygning skal forvaltast på ein forsvarleg og god måte. Statsbygg står for vedlikehald av over 450 verna bygningar.

Statsbygg har hovudkontor i Biskop Gunnerus' gate 6 i Oslo, attmed Oslo sentralstasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]