Opo i Ullensvang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om elva i Ullensvang. For elva med same namn i Odda, sjå Opo i Odda.
Opo, der ho renn ut i Sørfjorden.
Foto: Hallvard Lid

Opo (uttalt «åpo») er ei elv i Ullensvang herad, i Hardanger i Hordaland. Elva tek til ved Opesjovatnet (1014 m.o.h.) på vestlege Hardangervidda. Herifrå renn elva vestover mot Sørfjorden. Søraust for fjelltoppen Nosi dannar Opo Rjukandefossen, som styrtar ned fjellsidene over Lofthus. Fossen har fått namnet sitt av di det stadig stig skyer av fossesprut herifrå, så det ser ut som det ryk.

Etter Rjukandefossen ligg i rask rekkefylgje fossane Melafossen, Bjødnabykse og Opofossen. Fossen Bjødnabykse har ei soge bak seg om korleis han fekk namnet sitt: ein sauegjætar skal ha vore og gjett sauene sine i fjellsidene ved Opo då han oppdaga at ein bjørn hadde gått til åtak på ein av sauene hans. Gjætaren vart sint og ville slå i hel bjørnen, og bjørnen flykta. Mannen sette etter, heilt til dei kom til ein av fossane i Opo. Der bykste bjørnen over fossen. Det bykset greidde ikkje mannen å gjera etter bjørnen, og han måtte gje opp jakta. Etter det vart fossen heitande Bjødnabykse.

Etter at dei brattaste fjellsidene er ferdige, renn Opo saman med den mindre elva Skrikjo, som òg kjem ned frå Hardangervidda. Opo renn etter dette gjennom Elvadalen, framleis ganske raskt. Rundt dalen har det vorte laga tursti som startar frå Veisane barnehage, går gjennom Tellmyrane opp til ei bru, og over Tveitane tilbake til Hordatun. Frå brua er det fin utsikt til Opo. Det går også ein litt meir krevjande tursti frå brua og opp til Bjødnabykse.

Etter Elvadalen renn Opo gjennom sjølve bygda Lofthus, og dannar det naturlege skiljet mellom den gamle garden Opedal og Hordatun, der m.a. Hardanger Folkehøgskule ligg. Elva har grave seg ein liten dal som omgjev henne i heile den siste delen av løpet hennar. Til slutt når elva Sørfjorden like nord for Ullensvang kyrkje. Opo har gjeve namn til området Opedal på Lofthus, og til Opesjovatnet.

Opo er varig verna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]