Oppdikta plantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppdikta plantar er plantar som er blitt oppdikta og som ikkje finst i røynda. Oppdikta plantar dukkar opp i medium som TV, film og bøker.

Plantar frå skjønnlitteratur[endre | endre wikiteksten]

J.K. Rowling sin Harry Potter-serie[endre | endre wikiteksten]

Plantar i Harry Potter-serien kan brukast i eliksirar, som hindringar og har ofte spesielle effektar. Faget 'Biologi' på Galtvort handlar mykje om magiske plantar.

  • Prylepila er eit gigantisk, valdeleg piletre som ligg ved Galtvort. Treet blei planta då Remus Lupus byrja på Galtvort. Lupus er ein varulv og trong ein plass å opphalde seg når han blei omskapt til varulv ein gong i månaden. Ved røtene til prylepila startar ein tunnel som fører til Hylehuset.
  • Gjellegras kan brukast til å kunne puste under vatn. Harry brukar det til å kunne vere under vatn i over ein time under Tretrollmannsturneringa i den fjerde boka, Harry Potter og ildbegeret.
  • Djevelsnarre har eigenskapen til å kvele og binde alt som kjem nær han. Planten likar mørke og fukt, men er svak mot sollys og varme. I den fyrste boka, Harry Potter og de vises stein, er planta ein av hindringane som er der for å vakte de vises stein.
  • Når ei alrune skrik, er det døyeleg for alle som høyrer det. Plantene kan brukast til å vekkje opp dei som har blitt forsteina, altså utsett for for eksempel ein basilisk. Ein høyrer om planta i boka og filmatiseringa av Mysteriekammeret.
  • Den naturlege levestaden til Gufsulus Gufsletonia er Assyria. Dersom ein rører han, sender han ut illeluktande saft. Nilus Langballe får ei plante som dette i sitt femte år på Galtvort.
  • Byllerot. Denne magiske planta lærer elevane på Galtvort om i fjerde året. Byllerotpuss fungerer som behandling mot kviser, men dersom pussen ikkje er fortynna, kan han ha negativ verknad på ubeskytta hud.
  • Eldfrø er eit frø frå Eldfrøbusken som kan brukast i eliksirar. For å sanke frøa må ein kjøle dei ned.
  • Moly er ein plante som beskyttar mot svartekunstar. Dei kan finnast i drivhusa på Galtvort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]