Opportunity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dataanimert 3D-bilete av Opportunity

MER-B (Mars Exploration Rover - B), seinare døypt Opportunity, er den andre av dei to robotiske romkjøretøya i Mars Exploration Rover-programmet. Han landa utan problem på MarsMeridiani Planum-sletta den 24. januar 2004 klokka 06:05 norsk tid, tre veker etter tvillingsonden Spirit landa på motsett side av planeten. Opportunity er framleis i aktivitet på Mars og sender dagleg bilete og andre vitskaplege data tilbake til jorda. Sonden hadde per 9. februar 2008 levd meir enn 15 gongar lengre enn dei 90 marsdøgna han var tenkt å overleva.

Opportunity-sonden har hittil mellom anna funne ut at landingsområdet ein gong i fortida har stått under vatn. [1]

Eit av dei første fargepanoramaa frå Oppotunity. Biletet viser den indre kraterkanten til Eagle-krateret, det vesle krateret sonden landa i.
Panoramabilete av Endurance-krateret. Fargane er omtrent slik eit menneskeauge ville oppfatta dei.
Panoramabilete av Endurance-krateret. Fargane er omtrent slik eit menneskeauge ville oppfatta dei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]